Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: "Språkåret - Handskriftleg mangfald". Hamar Arbeiderblad, 11.06.2013, s. 24. [>pdf av denne artikkelen]


Språkåret -

Handskriftleg mangfald

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________

Språkåret 2013 er ei raus feiring av språklege skilnader og mangfald. Det handlar for det meste om bokmål, nynorsk, dialekter og alle minoritetsspråka. Men har du tenkt på at handskrifta di kan vere ein representant for det språklege mangfaldet?

Våren er eksamenstid for mange. Dei fleste av oss skriv kanskje meir enn vi gjorde før – før den digitale tidsalderen for alvor kom over oss og saug oss inn i cyberspace. Vi skriv kanskje meir enn før, men vi skriv som regel på eit eller anna tastatur; anten på datamaskin, nettbrett eller på mobiltelefon.

Dei av oss som kunne skryte på seg ei pen handskrift i yngre år, har komme ut av trening, og dei fleste av dei som veks opp no, får kanskje aldri nok trening til å skrive pent – eller leseleg.

Våren er eksamenstid også for meg. Studentane har følgt digitaliserte førelesingar på lerret eller skjerm, og dei har levert opptil fleire skriftlege arbeidskrav – skrivne på tastatur. På førelesingane sit mange studentar med si eiga datamaskin – og så kjem dagen – eksamensdagen.

Studentane sit i mange timar og skriv – for hand – bokstavleg talt til krampen tek dei. Når eg så får stabelen med eksamensoppgåver på skrivebordet mitt, er dette ikkje berre eit døme på dialektinnslag og ulike offisielle målformer; det er også ein manifestasjon av handskriftleg mangfald.

Har du nokon gong tenkt over kor mange ulike måtar ein kan forme ein enkelt bokstav på? Ein r? Ein s? Ein lærer ei viss form for standardisert skriftforming i skolen, både løkkeskrift og blokkbokstavar, men som vaksne individ har vi som regel alle funne vår eigen stil – uansett kor lite pen den eventuelt måtte vere.

Som sensor er det mi oppgåve å lese og vurdere eksamenstekstane. Eg må få tak i innhaldet. Men for å skjønne innhaldet, må eg ikkje berre tolke orda, eg må òg tolke handskrifta. Det er ein eigen kompetanse. Ofte kan det følast som om ein må lære å lese på nytt. Heile avkodingsprosessen, tolkinga av dei enkelte bokstavane, må justerast eller lærast på nytt. Men som regel går det faktisk bra, uansett kor krokete kråketær ein måtte ha framfor seg.

Dette får meg til å tenkje på «målstriden». Det er svært mange som finn det vanskeleg at ein har to offisielle, norske skriftspråk, og at desse liknar svært mykje på kvarandre. Det er greitt å skrive «biler, men det blir heilt uforståeleg når ein endrar éin bokstav og skriv «bilar». Det finst dei som finn det problematisk at vi snakkar om språkleg mangfald i Språkåret i staden for «mangfold». «Mangfald» er eit totalt framandt ord for mange, sjølv om det altså berre er éin bokstav som er annleis. Samtidig er det heilt greitt å skrive «jeg», sjølv om ingen i heile Noreg faktisk uttaler ordet på den måten.

Så dersom ein ikkje har problem med å skjønne alle variantane av handskrift, burde det kanskje ikkje vere så vanskeleg å skjønne ulike skrivemåtar i skriftspråka våre heller? Uansett, handskrifta til den enkelte kan vere eit eige manifest i Språkåret 2013. Slå opp ordet!