Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: "Språkåret - Språkdronning Vigdís". Hamar Arbeiderblad, 24.04.2013, s. 24. [>pdf av denne artikkelen]
Også publisert som "Språkdronning Vigís" i Hamar Dagblad, 25.04.2013, s. 16. [>pdf]


Språkdronning Vigdís

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________

Det er lenge sidan vi har hatt ein felles konge eller ei felles dronning i Skandinavia eller Norden. Men i den grad vi kan seie at vi har ei nordisk språkdronning i dag, må det vere islandske Vigdís Finnbogadóttir.

Vigdís er fødd i april og blei nettopp 83 år ung. Ho feira ikkje i mange dagar; ho heldt nemleg ein tale på landsmøtet til Noregs mållag i Ørsta 19. april og la ned blomstrar på Ivar Aasen-tunet.

Vigdís Finnbogadóttir var verdas første demokratisk valde kvinnelege president. Som president engasjerte ho seg ikkje minst for islandsk språk og identitet, mens ho i dag blant anna er UNESCO-ambassadør for språkleg mangfald.

Vigdís snakkar både fransk og engelsk, men ho snakkar òg svensk og sjølvsagt dansk – med islandsk aksent. Vigdís Finnbogadóttir gjer sjølv eit poeng ut av dette. Ho er stolt over at ein kan høyre kvar ho kjem frå. Ho kan få ha sin islandske identitet samtidig som ho kan snakke med alle oss andre i Danmark, Norge, Sverige og delvis Finland. Ho møter naboane sine på deira språk utan å gje opp sin eigen språklege identitet. Vigdís held på sin islandske kultur, men demonstrerer samtidig at ho er ein del av ein felles nordisk kultur.

Vigdís Finnbogadóttir har lært seg fleire skandinaviske sidemål i tillegg til meir framande språk og demonstrerer kor viktig det er med språkleg mangfald. Vigdís har St. Olavs orden frå Noreg og tilsvarande eller liknande frå Danmark, Sverige, Nederland og Italia. Elles har ho minst 16 æresgradar.

Vigdís Finnbogadóttir ville nok ha vore eit godt dronningemne i mellomalderen. Far hennar, Finnbogi, er kanskje oppkalla etter Finnbogi rammi, eller Finnboge den sterke, ein islending frå 900-talet, som fekk si eiga soge på 1300-talet, Finnboga saga ramma. Islendingane kan dette med språkleg og kulturell tradisjon.

Vigdís Finnbogadóttir er kanskje Nordens og verdas språkdronning, men vi fekk òg ei norsk språkdronning på landsmøtet til Noregs mållag. Vossingen Linda Eide fekk målprisen 2013. Trass mykje motgang fordi ho brukte dialekt gav ho ikkje opp og har faktisk klart å bli «kul». Linda Eide har fått eksponere seg i beste sendetid på TV nettopp på grunn av dialekta si – fordi ho har ein språkleg identitet. Linda Eide er eit førebilete for alle dialektbrukarar.

Islendingen og verdskvinna Vigdís Finnbogadóttir og vår eiga Linda Eide er svært forskjellige kvinner og språkbrukarar, men nettopp derfor er dei to utruleg flotte døme på språkleg mangfald.