Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: "Døyr ikkje - Språk i krise". Hamar Arbeiderblad, 12.04.2013, s. 27. [>pdf av denne artikkelen]
Kommentar til Andor Normann: "Døden for nynorsken?" i Hamar Arbeiderblad, 06.04.2013, s. 40 [>pdf]


Språk i krise

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________

Andor Normann skriv i HA 6. april om språk som døyr, og trekkjer i same andedrag inn bokmål og nynorsk: «Vi får nok med å forsvare ett skriftlig hovedmål, bokmål».

Når ein snakkar om språkdød, meiner ein vanlegvis at ein av ulike årsaker sluttar å snakke eit språk. Latin blir t.d. rekna som eit dødt språk, sjølv om mange framleis skriv latin i ulike samanhengar. Det finst til og med dei som kan snakke latin. I Noreg er sørsamisk eit språk som er truga. Ifølgje Wikipedia er det ca. 300 sørsamar i Noreg, og berre halvparten av desse snakkar språket. Det ser med andre ord ikkje særleg lyst ut for sørsamisk.

Norsk er eit majoritetsspråk i Noreg og er hovudgrunnen til at dei samiske språka (og kvensk) har blitt trengde tilbake over tid. Norsk er alle dei norske talemåls- og skriftspråkvariantane. Når ein diskuterer om norsk kan vere truga som språk, er ein ikkje oppteken av bokmål eller nynorsk, men av norsk som heilskap, uavhengig av eventuelle normeringar. Det spelar ikkje nødvendigvis noka rolle for norsk som språk om alle går over til å skrive bokmål eller nynorsk. Dette vil ikkje ha særleg stor effekt på talespråket (på kort sikt i alle fall) eller på bruken av norsk generelt.

Tidlegare direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim, sa ein gong som eit «stunt» at engelsk ville ta over for norsk innan femti år. Det er ingen seriøse språk- eller samfunnsforskarar som trur at norsk er eit truga språk på så kort sikt. Det er likevel eit stort innlån av engelske ord og uttrykk i norsk, og enkelte bransjar, som t.d. oljebransjen, føretrekkjer engelsk som arbeidsspråk, nettopp på grunn av globaliseringa.

Det kan godt hende at ein kjem til å avvikle nynorsk som offisielt skriftspråket ein eller annan gong i framtida. Men i den grad ein har som hovudønske å hindre at det norske språket døyr ut, vil eg påstå at dei fleste som bruker nynorsk, faktisk er meir bevisste på å bruke norsk framfor engelsk, og at dette dermed ville styrke eit slikt «forsvar» som Normann etterlyser.

Elles kan eg nemne for Normann at også bokmål er eit resultat av nasjonalromantikken og lausrivinga frå Danmark. Det er altså ikkje eit argument for verken dei eine eller det andre.