Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: "Forsking og sludder". Hamar Arbeiderblad, 11.04.2013, s. 29. [>pdf av denne artikkelen]
Kommentar til Bjørn Kristen Ørbærk: "Språklig sludder - nynorske smartinger" i Hamar Arbeiderblad, 06.04.2013, s. 41 [>pdf]


Forsking og sludder

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________

Bjørn Kristen Ørbæk meiner i HA 6. april at forskinga som viser at ein blir smartare av å lære både bokmål og nynorsk på skolen, er «noe stort sludder». Som alltid sit Ørbæk på den eigentlege sanninga – basert på eigne haldningar og meiningar.

Han hevdar at ei lita, privilegert gruppe menneske med nynorsk som naturleg språkleg utgangspunkt slepp å lære ein ekstra, framand og unaturleg språkvariant. Derfor kan desse bruke skoletida meir rasjonelt enn det store fleirtalet av nordmenn.

For det første har nok Ørbæk ikkje lese forskingsresultata særleg nøye (det er jo trass alt berre «sludder»). Fokuset er faktisk litt annleis enn det han har fått med seg. Men så bruker han jo også å utmerke seg ved å uttale seg i store ord og overskrifter utan særleg grunnlag i fakta. I tillegg er det også gjerne sjølvmotseiingar i innlegga til Ørbæk.

Det finst altså ei gruppe privilegerte menneske som snakkar nynorsk og dermed slepp å lære det som skriftspråk. Derfor kan dei bruke tida si meir effektivt og blir smartare enn andre nordmenn. Ørbæk gløymer visst at også desse må lære eit sidemål, nemleg bokmål. Med argumentasjonen som Ørbæk har ført i alle år, burde jo desse ha dei same problema med å lære bokmål, sidan det er ein «fremmed, unaturlig språkvariant» for desse. Dei burde faktisk ha det mykje verre enn alle andre sidan det meste av den skriftlege kommunikasjonen jo faktisk føregår på bokmål her i landet.

Nynorskingane bruker kanskje skoletida si meir rasjonelt enn andre. Det skal i alle fall ikkje mykje til for å vere meir rasjonell enn Ørbæk når det gjeld temaet nynorsk og bokmål. Det er sjølvsagt alltid dei andre som driv med «sludder».