Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: "Hamar og 'n Gregers". Hamar Arbeiderblad, 20.03.2013, s. 28. [>pdf av denne artikkelen]
Pgså publisert som: "Hurra for Hamar og 'n Gregers". Hamar Dagblad, 21.03.2013, s. 19. [>pdf]


Hamar og 'n Gregers

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________

Hamar fyller år! Etter «den siste tidsrekninga» blir Hamar 164 år gammal. Hamar blei kjøpstad etter kongeleg resolusjon i 1849. Men, som vi alle veit, hadde Hamar allereie vore kaupang, altså kjøpstad, for tusen år sidan, og det har budd folk her i området i minst fire tusen år.

1849 blei Hamar kjøpstad igjen – ikkje fordi det var så mykje handel her, men fordi nokon meinte det burde vere mykje handel her. Det var faktisk ein gudbrandsdøl som trekte litt i trådane den gongen – sjølv om han døydde tretten år før Hamar blei kjøpstad (igjen).

Mannen har fått sin eigen stad ute og sin eigen utestad. Hamar har Fougner Lundhs plass og Gregers. Denne gudbrandsdølen, frøningen, var sjølvsagt Gregers Fougner Lundh. ‘N Gregers var professor i statsøkonomi og teknologi ved det nyoppretta universitetet i Kristiania, der han i 1823 blant anna hadde som oppgåve å sjå på om ein kunne opprette ein by ved Mjøsa. Sjølv hadde’n Gregers studert i København. Det var det ein gjorde den gongen Noreg var ein del av Danmark og ein ikkje hadde noko universitet i sitt eige land – som ikkje var eit eige land.

‘N Gregers var med i krigen mot England i 1807, og han var med i krigen mot Sverige i 1808. Men etter Mossekonvensjonen i 1814 hadde’n Gregers fått nok. ‘N Gregers var oppteken av at Noreg skulle bli sjølvstendig. Det gjekk jo ikkje heilt slik i 1814, men’n Gregers var barn av si tid - nasjonalromantikken.

‘N Gregers blir også tillagt å vere mannen bak den norske «måltanken». Han var ein av dei første som spurde rett ut: «Hvorfor har Norge ikke sit eget National-Sprog?» Det var faktisk ikkje slik at Ivar Aasen kom på ideen å samle og foreine dei norske dialektene til eit skriftspråk. Det meste av dette tankegodset låg allereie der – det låg i tida.

‘N Gregers samla sjølv inn norske dialektord, og han prøvde å samle norske mellomaldertekstar. Han stifta Samfundet for det norske Folks Sprog og Historie og samarbeidde med Henrik Wergeland og andre. Wergeland tok jo språkpolitikken eit langt steg framover, og Knudsen tok over etter han, men det heile starta altså faktisk med blant anna Gregers Fougner Lundh før Henrik Wergeland, Knud Knudsen eller Ivar Aasen var fødde.

Det er god grunn til å feire Gregers Fougner Lundh i samband med Hamar sin 164-årsdag – utan’n Gregers ingen Hamar. Men det er også god grunn til å feire Gregers Fougner Lundh i samband med Språkåret 2013 – utan’n Gregers ikkje eit norsk skriftspråk. Truleg ville ein fått både Hamar som by og eit norsk skriftspråk etter kvart. Men’n Gregers er eit godt døme på at ein treng folk som kan setje ord på ting og få ting gjort. Hurra for Hamar og hurra for Språkåret 2013!