Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: "Språkrådet og samnorsk". Hamar Arbeiderblad, 07.03.2013, s. 32. [>pdf av denne artikkelen]
Kommentar til Bjørn Kristen Ørbærk: "Korrekt språk" i Hamar Arbeiderblad, 02.02.2013, s. 36 [>pdf]


Språkrådet og samnorsk

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________

Bjørn Kr. Ørbæk skreiv i HA 2. mars at Språkrådet «er sammensatt av inkompetente samnorsktilhengere». Eg kan ikkje uttale meg om kva slags preferansar den enkelte i Språkrådet eventuelt måtte ha, men samnorskpolitikken blei faktisk forlaten allereie for tretti år sidan – i 1981, og blei offisielt avslutta i 2002, då den såkalla «tilnærmingsparagrafen», som skulle «fremme samarbeid i dyrkingen og normeringen av våre to målformer og støtte opp om utviklingstendenser som på lengre sikt fører målformene nærmere sammen», blei fjerna frå mandatet til Språkrådet. Vi har ikkje lenger nokon offisiell politikk som skal føre dei to skriftspråka saman til eitt. Ved den siste bokmålsreforma i 2005 blei faktisk fleire tilnærmingsformer fjerna igjen, og fleire tradisjonelle riksmålsformer kom inn igjen.

Ørbæk går elles ut frå «at det er Språkrådet som står bak systemet på PC-en – hvor vårt daglige valg av rettskrivning til stadighet blir korrigert». Dette har nesten noko «orwellsk» over seg, der Ørbæk reknar med at staten overvakar rettskrivinga.

PC eller Mac eller andre digitale dingsar og program som kan køyrast på desse, er sjølvsagt laga av private firma som prøver å tilby brukarane ulike tenester som kan vere nyttige eller underhaldande. Dei fleste skriveprogram ein bruker i dag, har funksjonar som kan kontrollere rettskrivinga. Desse korrekturprogramma har blitt relativt «gode» med åra, men dei er ikkje feilfrie, og det er heller ikkje så lett å få ei datamaskin til å skjønne kva ein har tenkt å skrive eller ikkje. Uansett ligg det ei eller anna form for elektronisk ordliste til grunn for desse programma. Denne ordboka vil helst vere basert på ei godkjend ordbok, men Språkrådet kan sjølvsagt ikkje blande seg inn i korleis ulike produsentar av digitale program prøver å lage korrekturfunksjonar. Staten er ikkje inne i skriveprogramma våra og passar på at ein skriv riktig. Det må ein faktisk passe på sjølv. Ein kan som regel ikkje stole på at korrekturprogrammet markerer alt som er «feil», og det er som regel også god grunn til å sjekke om det som er markert som «feil», faktisk kan vere riktig. Når t.d. eit ord som «nærme» ikkje blir markert som «feil», kan det ha å gjere med at det faktisk også kan vere eit verb, og skriveprogrammet ikkje veit om ein har tenkt å bruke preposisjonen (tidl. adverbet) eller verbet. Nynorsk har ikkje «nærme» som preposisjon, men på bokmål kan ein faktisk skrive «nærme» eller «nær». Det er sidestilte former. Ein kan skylde på inkompetente folk i Språkrådet, eller ein kan skylde på ein normeringspolitikk som prøver å ta omsyn til den faktiske språkbruken. Nokon vil uansett meine at noko er feil.