Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: "Språkåret - Språkleg mangfald". Hamar Arbeiderblad, 31.01.2013, s. 26. [>pdf av denne artikkelen]
Kommentar til Bjørn Kristen Ørbærk: "Nynorsk og bokmål" i Hamar Arbeiderblad, 22.01.2013, s. 22 [>pdf]


Språkleg mangfald

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________

Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å kommentere B. Kr. Ørbæk sitt innlegg i HA 22. januar; først og fremst fordi det for det meste er ting som Ørbæk har skrive mange gonger før, men også fordi eg ofte nok har prøvd å korrigere desse påstandane utan at dette har hatt nokon som helst effekt. Men sidan fleire har oppfordra meg til å reagere på det siste innlegget, og sidan innlegget inneheld ein del alvorlege påstandar som nokon lesarar eventuelt ville kunne ta for god fisk, skal eg likevel kommentere desse.

Ørbæk likar å påstå at nynorsk er ei dialekt eller eit særspråk utan rot i dialekta til «dei fleste av oss», mens bokmål etter hans syn er dialektnøytralt. La oss no seie at vi kan dele dei norske dialektene i to store dialekter, slik ein gjerne gjer som hovudinndeling. Då får vi austnorsk og vestnorsk. Austnorsk er dialektene på Austlandet og i Trøndelag, mens vestnorsk er Sørlandet, Vestlandet og Nord-Noreg. Så får dei enkelte gjere seg opp ei meining om i kva grad dei to skriftspråka er dialektnøytrale eller ikkje. Men geografisk sett er det utan tvil fleire som t.d. seier e/æ eller eg/æg enn dei som seier je/jei.

Ørbæk meiner dei fleste nynorskelevane er privilegerte fordi dei kan bruke sitt «særspråk» i skolen og utdjupe sin språkbasis, mens andre dialektbrukarar risikerer å miste fotfeste i sin eigen kultur. Det er jo interessant at dette «privilegiet» blir så einsidig framstilt all den tid Ørbæk påstår at det er bokmål som er språket til folk flest, og dei fleste faktisk er «tvinga» til å ha bokmål som hovudmål. Bortsett frå det har nok nynorskelevar ein større tendens til å «adoptere» sidemålet enn omvendt. Kvar ligg altså den eigentlege faren for «å miste sin eigen kultur»?

Ein svært alvorleg indirekte påstand Ørbæk kjem med, er at målfolket ikkje gjev rom for dei norske dialektene, og at ein ikkje gler seg over mangfaldet». Alle innlegga til Ørbæk om å fjerne mangfaldet seier vel sitt i denne samanhengen.

Det er elles sjeldan noko «naturleg» ved eit skriftspråk. Dei fleste skriftspråk er kompromiss og normeringar. Både bokmål og nynorsk har gått gjennom svært mange rettskrivingsreformer for å komme dit vi er i dag. Det finst mange nok som ikkje meiner at bokmål «sjølvsagt» er det naturlege felles skriftspråket. Det er heller ikkje slik at bokmål er det språket som blir lettast forstått i Norden. Dei fleste svenskar vil som regel kunne lese nynorsk betre enn bokmål.

Det er trist at nokon heller vil drive propaganda for eitt av skriftspråka i staden for å verkeleg glede seg over mangfaldet.