Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: "Johansen og Derrick". Hamar Arbeiderblad, 29.12.2012, s. 44. [>pdf av denne artikkelen]
Kommentar til Per Johansen: "Stor plass" i Hamar Arbeiderblad, 20.12.2012, s. 24 [>pdf]


Johansen og Derrick

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________

Per Johansen ville i HA 20.12. «bare påpeke følgende», at «denne dialekten» har altfor for stor plass i media. No som før er det Derrick og nyheitsopplesarane som blir brukte som døme. «Samtlige nyhetsopplesere, bortsett fra et par stykker, bruker Ivar Aasen-dialekten», meiner Johansen.

Eg har skrive om dialekt og skriftspråk i avisspaltene i mange år, så det er vel ikkje nokon vits i å prøve å fortelje Johansen at nynorsk ikkje er noka dialekt, og i utgangspunktet heller ikkje noko talemål.

Bruken av nynorsk i NRK kommenterte eg allereie 16.4. i HA. NRK klarer ikkje å oppfylle kravet om minst 25 % nynorsk i sine sendingar. Dette er vel dokumentert av NRK sjølv. Sidan NRK er det einaste statlege medieselskapet vårt, er det berre NRK som skal følgje Lov om målbruk i offentleg teneste. Når NRK i dag berre er éin av svært mange aktørar i medielandskapet, seier det seg sjølv at nynorsken får forsvinnande liten plass i det totale medietilbodet. Dersom nokon skulle føle at dette likevel er for mykje, er dette i så fall svært subjektivt. Dei som eventuelt måtte ønskje å høyre eller lese noko på nynorsk, må i alle fall leite med lys og lykt. Men mindretalet skal jo overkøyrast og stemmast ut av majoriteten.

Den tyske detektivserien Derrick har blitt brukt av Johansen og andre nærmast som eit skrekkeksempel og eit «bevis» på kor ille det står til når det gjeld bruken av nynorsk på TV. Derrick kom på norsk TV i 1977 og gjekk til 1999. Og no har serien vore send i reprise frå 2009 til 2011. Det var eller er nok ein bra serie, men sikkert litt «gammaldags» etter kvart, og serien trekkjer nok ikkje så mange nye sjåarar. Yngre mediebrukarar vil vel helst ha litt meir fart og «æksjen». Men det er jo interessant at nokon kan irritere seg over at det står «ikkje» i staden for «ikke» eller «eg» i staden for «jeg» i undertekstane når det handlar om liv og død og tragediar og blodet sprutar på skjermen.