Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: "Andre Bjerke og riksmålet". Hamar Arbeiderblad, 17.12.2012, s. 27. [>pdf av denne artikkelen]
Kortversjon av:
”André Bjerke og sproget". Hamar Dagblad, 13.12.2012, s. 2. [>pdf av denne artikkelen]
Kommentar til Per Johansen: "Nynorskkafé" i Hamar Arbeiderblad, 08.12.2012, s. 38 [>pdf]

André Bjerke og riksmålet

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
______________________________________

Per Johansen siterte i HA 8.12. eit dikt av André Bjerke. Det same diktet blir ofte brukt i debatten mot nynorsk. «Dessverre» handlar ikkje diktet om forholdet mellom bokmål og nynorsk, men om forholdet mellom dansk-norsk og det nye bokmålet.

Sidan HA ikkje vil ha ei lang utgreiing om språkhistorie, skal eg komme med ein kortversjon her. Langversjonen kan eventuelt lesast i Hamar Dagblad.

Frå 1917 arbeidde ein for at dei to skriftspråka etter kvart skulle smelte saman til eitt (samnorsk). 1938-reforma var den rettskrivingsreforma som hadde gått lengst i tilnærminga mellom dei to skriftspråka. Dette var tungt å svelgje for mange konservative (Riksmålsforbundet).

I 1951 fekk ein Foreldreaksjonen mot samnorsk og Øverland braut ut av forfattarforeininga i protest mot Norsk språknemnd, som skulle arbeide for ei tilnærming mellom skriftspråka. Øverland gav ut ei eiga ordliste for riksmål. Ein hadde då tre skriftspråk: bokmål, nynorsk og riksmål.

Natvig-Pedersen var medlem i Norsk språknemnd, mens Halvdan Koht utforma språkpolitikken for Arbeiderpartiet og var med i den første samnorskrørsla med det velklingande namnet «Østlandsk reisning».

Koht ville lage eit skriftspråk basert på folkemålet og var derfor imot det danskorienterte riksmålet. Riksmålsrørsla lika sjølvsagt ikkje at Koht frå 1917 pressa dansk-norsken meir og meir i retning av norsk folkemål. Riksmålsrørsla hadde ikkje nødvendigvis noko imot nynorsk, men dei ville ha det gamle dansk-norske språket mest mogleg uendra, og rettskrivingsreformene for riksmål/bokmål etter 1917 førde til stor harme blant enkelte. Knut Hamsun skreiv t.d. i 1918: «Sproget i fare», og det blei altså nye aksjonar på 50-talet. For å prøve å skape språkleg fred blei Norsk språknemnd lagd ned, og ein fekk Norsk språkråd (1972). Tilnærmingspolitikken blei forlaten etter 1981. Det nye Språkrådet (2005) ser på bokmål og nynorsk som sjølvstendige skriftspråk med sjølvstendige normeringar.

Øverland klarte kanskje å snu ein straum. Samnorskpolitikken stranda, og vi enda opp med to skriftspråk i staden for eitt. Det er litt interessant at fleire av dei som roper høgast i dag om at dei er imot tospråksituasjonen, og at dei ikkje likar nynorsk fordi dei meiner dei ikkje finn igjen dei austnorske talemåla i nynorsken, heidrar Øverland og Bjerke som protesterte mot Koht. Koht var jo den som ville ha gjeve oss eitt skriftspråk, og det var jo nettopp Koht og «Østlandsk reisning» som arbeidde for at dei austlandske talemåla skulle bli meir synlege i begge skriftspråka, noko som resulterte i 1938-normalen, og som kunne ha leia fram til eitt felles skriftspråk. Men det gjekk ikkje så glatt, det gjekk ikkje så lett. Mange arrige stemmar snerra: Nei. Resten er historie.