Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: "På ein måte, liksom" i Hamar Arbeiderblad, 29.11.2012, s. 30. [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til Tor Holm: På en måte i HA, 22.11.2012, s. 30 [>pdf].


På ein måte, liksom

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
______________________________________
 

Tor Holm bad «våre lokale språkinteresserte» i HA 22.11. om å kommentere bruken av uttrykket «på ein måte».

Døma til Holm kan nok ikkje nødvendigvis seiast å vere «ei god utvikling av språket vårt». Holm viser til både ukorrekt bruk av «på ein måte» og også ei form for «overforbruk» av uttrykket.

I staden for å irritere seg over denne «utviklinga» kan ein også prøve å forstå korleis denne (mis-)bruken kan oppstå. Holm ser ut til å velje den siste tilnærminga; noko som er positivt.

Ein kan seie at innhaldet i uttrykket «på ein måte» er tvitydig. Ein kan tolke «ein» som talord: «på éin måte» (istf. ein annan måte). Men dersom «ein» blir tolka som ubestemt artikkel, vil hovudtydinga liggje på «måte», og ein vil kunne erstatte uttrykket med t.d. «slik».

Den «utviklinga» som Holm viser til, er nok helst ei utvikling over til ein funksjon heller enn eit klart innhald. Funksjonen er truleg at talaren (eller skrivaren) ønskjer å ta eit atterhald eller å bevisst vere litt upresis for ikkje å vere for bastant eller direkte. Funksjonen er altså heller sosial enn grammatisk eller reint innhaldsrelatert. Ein kan derfor kalle «på ein måte» for eit modalt uttrykk.

Dei fleste har høyrt om modale hjelpeverb før. Det er verb som «måtte», «ville», «skulle», «burde». Desse verba modifiserer innhaldet i hovudverbet på éin eller annan måte. «Han skal gå» tyder at han har tenkt å gå, men at det ikkje er sikkert om han faktisk kjem til å gå.

Vi har også ei rekkje modale adverb, t.d. «kanskje» og «sikkert», men også «vel» og «nok». Ordet «vel» i «Du skal vel lese HA i dag?» har ein tydeleg funksjon retta mot adressaten, men det konkrete innhaldet i sjølve ordet er nok heller diffust.
Språk kan ha mange funksjonar. Ein kan studere språk ut frå eit strukturelt (grammatisk) perspektiv og ut ifrå eit kommunikativt (pragmatisk) perspektiv. I tillegg kan ein ha eit sosiolektisk perspektiv. Det siste perspektivet har bl.a. å gjere med korleis ein markerer eit forhold til andre menneske eller grupper.

Vi har gjerne nokre uttrykk som blir «moderne» i visse periodar og blant visse grupper. Desse uttrykka spreiar seg og blir som regel borte igjen (som markørar). Uttrykket «på ein måte» kan nok setjast i same kategori som «liksom» (lissom). Det har ein modal og sosial funksjon i staden for eit konkret innhald.