Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Austmannamålet". Hamar Arbeiderblad, 19.10.2012, s. 21. [>pdf av denne artikkelen]


Austmannamålet

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark | Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________
 

Noregs Mållag heldt haustseminaret sitt på Lillehammer helga 13. – 14. oktober. Dei som meiner at nynorsk er eit «vestnorsk særspråk», ville kanskje tru at eit slikt årleg seminar burde liggje på Vestlandet – helst i Ørsta kanskje, men det gjorde det altså ikkje. Men Oppland ligg jo for så vidt vest for Hedmark. Lillehammer ligg seks mil nord for Hamar. I eit land som Noreg er seks mil ikkje nokon avstand.

Oppland er framleis eit fylke med svært mange aktive nynorskbrukarar – personar som definerer seg sjølv og kulturen sin gjennom målforma si. I «gamle dagar» var Oppland og Hedmark til saman «opplanda» (Opplandenes Amt). I dag snakkar ein helst om «Innlandet», men ingen i Oppland eller Hedmark ville nok finne på å kalle seg for vestlending.

Fylkesmållaget som er paraplyorganisasjonen for lokallaga i Oppland og Hedmark, heiter «Austmannalaget». Dette er faktisk eit ord med dobbel tyding. Ut ifrå dagens perspektiv er det naturleg å tenkje på at namnet representerer lokallaga aust i Noreg. Nynorskbrukarane innanfor området til Austmannalaget ville nok i beste fall sjå på dialektene sine som «austnorske særspråk», men altså ikkje vestnorsk. Ut ifrå eit byperspektiv (Lillehammer, Gjøvik, Hamar) så vil kanskje også mange meine at dialektene frå distrikta er «særspråk» eller også «grautmål».

I mellomalderen var ein austmann ikkje ein person ifrå Austlandet eller opplanda, men faktisk rett og slett ein nordmann. Uttrykket «austmann» hadde eit perspektiv frå vest, og det var islendingane som brukte denne termen om nordmennene. Her i området kunne ein dermed godt syngje: «Mellom bakkar og berg ut med Mjøsa heve austmannen fenge sin heim». Men når ingen har komme på dette før, er det kanskje ikkje nokon stor sjanse for at vi vil kunne få ein eigen mjøsbysong på austmannamål.

Dei siste åra har det komme minst tre dialektordbøker frå området rundt Hamar. Ein prøver å vise i kva grad Stange, Ringsaker og Furnes har «eigne» ord; ord som avvik frå standardspråket, som dei fleste oppfattar som bokmål. Det interessante med dialektordbøker er at ein prøver å definere sin lokale identitet i forhold til enkelte ordformer, og at det er eit poeng at ein har ord eller bøyingar som skil seg frå nabodialektene eller standardspråka.  Sjølv om mange føler ei sterk tilknyting til dialekta si, argumenterer dei for at skriftspråket er noko heilt anna enn dialekt, og dei aksepterer at det kan vere store avvik mellom skriftspråket og måten dei sjølv ville ha uttrykt seg på munnleg.

Ivar Aasen gjorde i si tid den mest omfattande dialektinnsamlinga nokosinne for å prøve å lage eit tverrsnitt av dei norske talemåla, som i neste omgang skulle danne grunnlaget for eit felles skriftspråk. Det er nesten litt merkeleg at ikkje fleire «austmenn» som ønskjer å ta vare på dialekta si, interesserer seg for Ivar Aasen sitt arbeid og bidreg til at dei austlandske talemåla i større grad også blir representerte i skriftspråka.