Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Retorikk og argumentasjon". Hamar Arbeiderblad, 12.10.2012, s. 30. [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til Einar Kr. Steffenak: Tull - Mer nynorsk - bedre læring i HA, 06.10.2012, s. 37 [>pdf].

Tidlegare i denne debatten: ”Framandspråk i skolen". Hamar Arbeiderblad, 27.09.2012, s. 25. [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til Einar Kr. Steffenak: Inn med engelsk i HA, 25
.09.2012, s. 24 [>pdf].


Retorikk og argumentasjon

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
______________________________________
 

Einar Kr. Steffenak tolte visst ikkje så godt å få kommentert ein praktisk feil i innlegget 25.9., der han heller ville ha «inn» meir engelsk og matte i staden for nynorsk. Då eg skreiv at ein neppe ville få meir tid til engelsk eller noko anna fag ved å ta eit emne ut av norskfaget, blei dette igjen tolka som ein debatt om bokmål versus nynorsk. Det handla derimot i utgangspunktet om fordeling av ressursar i skolen.

I sitt motsvar 6.10. prøver Steffenak å vri på argumentasjonen min. Eg påstod ikkje generelt at «vi blir betre av å kunne nynorsk». Det eg sa – og det forsking seier, er at ein blir flinkare til å lære andre språk når ein kan sitt eige morsmål godt, og ein blir flinkare til å lære fleire språk dess fleire språk ein kan frå før. Dette skreiv eg eksplisitt (27.9.). Så det er ingen grunn til å tilleggje meg ei «innpakka» meining eg ikkje står for.

Når ein meiner at ein blir betre i engelsk eller matte ved å fjerne nynorsk, har ein eit praktisk problem når det gjeld ressursfordelinga i skolen. Eg håpar at Steffenak kan sjå dette. Som historielærar (-lektor) vil han vel ikkje påstå at ein blir betre i engelsk eller matte ved å fjerne norsk mellomkrigshistorie eller eit anna delemne. Som historielærar vil han kanskje også innrømme at ein blir betre i å skjønne kva som skjedde i andre land i mellomkrigsåra, når ein skjønner kva som skjedde her heime, og omvendt.

Ein kan alltid argumentere for at ein heller burde lære noko anna, slik Steffenak gjer. I staden for å lære nynorsk kunne ein heller lære om dialektdifferansar. Kva er den store forskjellen? Det eine heng jo faktisk litt saman med det andre. Eg synest nok at Steffenak er flinkare til å argumentere når det gjeld historiske hendingar enn når det gjeld denne saka.

Men at ein heller burde foreine seg enn å slåst mot kvarandre, kunne eg ikkje vere meir einig. Det merkelege er at eg gjerne blir assosiert med «språkkrig» når eg argumenterer for to likestilte skriftspråk som lever side om side i fred. Dei som vil slåst, er jo helst dei som vil fjerne eitt av skriftspråka. Staten har som eit mål å verne norsk språk mot bl.a. engelsk. Språkrådet skriv: «Målet for arbeidet i Språkrådet er at norsk skal være i bruk i alle deler av samfunnslivet også i framtiden – og ikke bli tilsidesatt av engelsk.» Med «alle deler av samfunnslivet» meiner ein også dei som av ein eller annan grunn vel å bruke nynorsk.

Sjølv om Steffenak er historikar, er han ikkje så flink til å sjå på nynorsk som noko anna enn ein del av den nasjonalromantiske perioden. Men med så mykje kunnskap om historie er det litt rart at han puttar dei som argumenterer for språkleg mangfald og historisk-politiske rettar, i båsen for «gammel kolonial tenkning».