Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Språkpolitikk - blir det frivillig sidemål?". Hamar Arbeiderblad, 19.09.2012, s. 25. [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til Bjørn Kristen Ørbæk: Språkpolitiske realiteter i HA, 15.09.2012, s. 32 [>pdf].


Språkpolitikk

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
___________________________________________________________
 

Språkdebatten i HA er ikkje mykje interessant eller morosam lenger. Eg har i fleire år tilbakevist uriktige påstandar om nynorsk ut frå eit fagleg perspektiv. Men eg kan godt skjønne at nokon ikkje likar nynorsk, og eg har ikkje noko imot at nokon argumenterer mot dagens språkpolitikk.

Ørbæk og eg representerer motpolar, ikkje berre i språkdebatten, men også politisk. Ørbæk meiner at fleirtalet bør bestemme på alle område i samfunnet, mens eg føretrekkjer eit samfunn der fellesskapet er i stand til å ta vare på individet, sjølv om individet skil seg ut frå «folk flest».

Ørbæk (15.9. ) trur at «nynorsk blir gjort frivillig» når det blir regjeringsskifte. Det er i så fall sidemålet som blir gjort frivillig i første omgang. Sjølv ikkje Høgre og FrP vil gå laus på nynorsken direkte og dermed risikere å miste tusenvis av stemmar frå nynorskdistrikta. Ein må også lage ein ny læreplan sidan begge målformene er godt forankra i Kunnskapsløftet – ei ny regjering vil neppe tore å gjere dette berre sju år etter LK06. Men nynorsken – eller sidemålet – ER frivillig, og det er også poenget med mållova.

Målformene er sidestilte, og dei fleste kan velje om dei vil bruke den eine eller den andre målforma. At ein i jobbsamanheng kan bli pålagt å bruke éi bestemt målform, er vel ikkje verre enn at nokon må bruke eit framandspråk når jobben krev det. Når nynorsk og bokmål er to sider av norsk språk, politikk og historie, er det heller ikkje urimeleg at ein lærer om dette i skolen. Det er ikkje «udemokratisk tvang», men vanleg allmenndanning.

Påstanden om at elevar fell ut av skolen pga. «tvangsfôring» med nynorsk manglar sakleg dokumentasjon. Men eg er fullt klar over at det er eit haldningsproblem hos mange elevar, lærarar og foreldre. Det er eit reelt problem som hindrar motivasjon og læring. Men det er utdanning og kunnskap som er løysinga – ikkje å fjerne eit emne frå skolen. Kva slags samfunn får vi dersom vi fjernar alt vi ikkje likar eller synest er vanskeleg?

Ørbæk inviterer meg til å komme og høyre på Einar Smørdal. Eg har høyrt Smørdal to gonger i regi av Speakers’ Corner. Første gongen fekk nynorskfolket offisielt taleforbod, og andre gongen blei vi latterleggjorte av Ørbæk. Debatt er spennande og utviklande, men ein bør konsentrere seg om argumenta og ikkje om personane.