Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Allspråkåret". Hamar Arbeiderblad, 17.09.2012, s. 32. [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til Bjørn Kristen Ørbæk: Om å feire Aasen i HA, 08.09.2012, s. 30 [>pdf].


Allspråkåret

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
___________________________________________________________
 

Det er tydelegvis ikkje alle som er like glade for det kommande Språkåret, som også blir omtalt som eit «allspråkår». Sjølv om 2013 er 200-årsjubileet for Ivar Aasen, er Språkåret eit år der alle språk i Noreg skal feirast.

Bjørn Kristen Ørbæk (HA, 8.9.) klarer som vanleg ikkje å tenkje på noko anna enn sin eigen aversjon mot nynorsk. Sjølv om Språkåret blir annonsert som ei «raus, inkluderande og samlande feiring av alt språk i Noreg», der blant anna også bokmål og samisk blir feira, er ikkje Ørbæk i stand til å glede seg i det heile. Dette er veldig synd. Det som er enda meir synd, er at han held fram med å spreie usanne påstandar.

Vi andre gler oss til ei nasjonal markering av alle språk, og Ørbæk påstår at «nye millioner av skattebetalernes penger dirigeres til Ivar Aasen-tunet i Volda på Sunnmøre slik at den norske språkfarsen kan fortsette noen år til før den går i oppløsning».

Reint formelt ligg Ivar Aasen-tunet ikkje i Volda, men i Hovdebygda. Dette er sjølvsagt ein liten geografisk bagatell. I prosjektplanen til Språkåret står det: «Norsk = bokmål og nynorsk». I tillegg nemner ein samisk, nasjonale minoritetsspråk, teiknspråk og nyare minoritetsspråk. Ola E. Bø, dramaturg ved Det Norske Teatret og medlem i styringsgruppa, seier i prosjektplanen: «Eg vonar at Språkåret kan opna fleire auge for at det fleirspråklege er ei av dei sterkaste sidene ved den norske kulturen.» Men dette er ikkje noko for Ørbæk, som heller vil spreie sine giftige utspel mot nynorsken.

Ørbæk trur også han kan «helle litt malurt i festkomiteens beger» ved for n-te gong å minne om at Ivar Aasen i si tid hadde sagt at landsmålet ikkje skulle «paabydes eller paanødes». Dette har eg kommentert opp til fleire gonger dei siste åra. Ivar Aasen skreiv dette femti år før landsmål og riksmål blei likestilte målformer. I 1836 var det utelukkande dansk som var offisielt skriftspråk i Noreg. Etter kvart som ein redigerte dansken og forma riksmålet til å bli bokmål, var det ikkje snakk om at dette ikkje skulle «påbydast» nokon. Det blei bestemt at riksmål/bokmål skulle vere eitt av dei to offisielle alternativa. Det er heilt utruleg korleis Ørbæk gong på gong klarer å vri historie og fakta til å passe med sitt eige verdsbilete. Knud Knudsen på si side skreiv: ”Det ene Parti søger at skabe norsk Sprog og Litteratur paa én Gang, det andet udsondrer efterhaanden, Stykke for Stykke, det spesielt Danske af Fællessproget saa længe, til de fremmede Elementer i dette er fjernede og indenlandske optagne i Stedet. Derfor bør begge Partiers Bestræbelser kun bekjæmpe det Fremmede, den fælles Fjende, og ikke hinanden indbyrdes.” Ørbæk vel berre å sitere det som passar hans eige, fastlåste syn.

Ørbæk har rett i at «det store flertall av skrivende nordmennn» oppfattar moderat bokmål som sitt naturlege skriftspråk, men det gjev han ingen rett til å dømme over mindretalet, som trass alt består av ca. 550.000 nynorskbrukarar. Det er altså fleire hundre tusen menneske som ser på nynorsk som sitt «naturlege skriftspråk», og dei har ifølgje norsk lov ein over hundre år gammal rett til å bruke nynorsk både i offentleg og privat samanheng, og dei har rett til å feire Språkåret saman med alle andre, uansett kva Ørbæk måtte meine.

Vi skal feire bokmålet i 2013, og vi skal feire nynorsk, samisk og andre minoritetsspråk. Og sjølv om Ørbæk har meldt seg ut av det inkluderande fellesskapet, får vi andre håpe at Språkåret blir ei raus, inkluderande og samlande feiring av språk.