Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Språkleg drama". Hamar Arbeiderblad, 12.09.2012, s. 24. [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til Bjørn Kristen Ørbæk:Språklig identitet i HA, 06.09.2012, s. 23 [>pdf].


Språkleg drama

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
___________________________________________________________
 

Bjørn Kr. Ørbæk trekkjer i HA 6. september parallellar mellom Shakespeare, Goethe og Ibsen. Ørbæk påstår at Goethes verk ikkje kunne ha blitt skrivne på nedertysk, på same måte som Ibsens drama ikkje kunne ha blitt skrivne på nynorsk. Men som så ofte i Ørbæk sin «argumentasjon», heng ikkje ting heilt i hop.

God litteratur handlar først og fremst om innhald og bodskap, ikkje om rettskriving og valfrie former. Nettopp derfor kan god litteratur som regel omsetjast til andre språk. Både Shakespeare, Goethe og Ibsen sine verk er omsette til eit uttal andre språk og blir lesne over heile verda – også Jon Fosse er omsett til over førti språk. Dei færraste litteraturelskarar bryr seg om historia og normeringa til språka som forfattarane representerer.

Nedertysk var i fleire hundre år eit «viktig» språk i Nord-Europa på grunn av den tyske hansaen. Men språket var først og fremst knytt til handel og ikkje til kultur og litteratur. Folk flest i middelalderen kunne verken lese eller skrive. Dette er også éin av grunnane til at den «klassiske» gammalnorsken ikkje heldt stand.

Dei tysktalande landa fekk sitt standard skriftspråk gjennom Luther og reformasjonen. Det var Bibelen som var Boka, og Guds ord var uforanderleg når det først stod på trykk. Luther var fødd i Sachsen-Anhalt, og sjølv om Luther med Bibelen la grunnlaget for det høgtyske normerte skriftspråket, har Sachsen-dialekten i moderne tid ironisk nok vore den dialekten med lågast status. For å bruke Ørbæk sin argumentasjon: Bibelen kunne aldri ha blitt skriven på Sachsen-dialekt. Den «norske» Bibelen var skriven på dansk, og Peer Gynt er skrive nesten tjue år før vi fekk to offisielle norske skriftspråk.

Ørbæk bruker òg ein merkeleg argumentasjon når han lagar kunstige motsetningar mellom sin lengsel etter eitt offisielt skriftspråk og samnorsk. Poenget er sjølvsagt at Ørbæk utelukkande aksepterer bokmål som dette eine skriftspråket, mens eitt språk som tillèt ein del valfridom, ikkje er eit alternativ ­– to skriftspråk som lever fredeleg med kvarandre side ved side, er definitivt ikkje noko alternativ for Ørbæk.

Det er interessant å sjå at Ørbæk set seg som dommar over korleis det nynorske skriftspråket bør sjå ut. Når eg vel å bruke av formene som er tillatne innanfor den offisielle skriftnorma, påstår Ørbæk at dette er mine personlege former, «hauganismer». Nynorsken min er like uekte som eg sjølv i Ørbæk sine auge. Ein kan undre seg over dette språkhatet – og no også personhatet – som Ørbæk ber på.

Eg har eit avisbilete på veggen min der Ørbæk og eg står side ved side etter at vi offisielt starta lyrikk- og viseklubben Ord og Toner. Eg kan godt hugse den gongen Ørbæk takka meg personleg for at vi hadde ein ryddig og sakleg debatt i avisene og i andre forum – nordlendingen versus stangesokningen. Eg har boka «Slik tala vi» ståande i bokhylla mi rett framfor meg med personleg helsing frå Ørbæk. Slik levde Ørbæk, som argumenterer for bokmål som einaste skriftspråk, og eg, som argumenterer for to offisielle skriftspråk og språkleg fred, i fleire år her i byen. Etter at HA ønskte å presentere meg som innvandrar, har dette endra seg dramatisk. Ein skulle nesten tru at Ørbæk lir av kjærleikssorg og er såra og vonbroten. Den storkjefta nordlendingen er eigentleg ein ulv i fåreklede, og ulv i Hedmark er jo minst like ille som nynorsk. Kanskje ikkje så overraskande trur eg at ulven kan leve side om side med menneska på same måte som nynorsk og bokmål kan leve side om side med kvarandre – i fred.