Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Språkleg samling". Hamar Arbeiderblad, 10.09.2012, s. 28. [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til Lars H. Alhaug: Etniske nordmenn i HA, 30.08.2012, s. 27 [>pdf].


Kardemommelova
Viktigare enn etnisitet

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
______________________________________
 

Etnisitet har blitt eit mykje brukt omgrep igjen – berre kort tid etter dommen over han som forsvarte etnisiteten sin på ein veldig grotesk måte.

L. H. Alhaug skreiv 30.8. om utrygge «etniske nordmenn»; om låge «etniske» fødselstal, at den «etniske nordmannen» kunne bli utsletta – og det er sosialistane som får skylda. «Etnisk norsk» blir definert ved å gå tilbake i den norske historia, men berre til Snorre. I tillegg er det typisk norske ting som rakefisk, lutfisk, pultost, gammalost, ostehøvel og Nielsen Hauge og Bibelen. Dette er Alhaugs historie, og det som gjer han etnisk norsk. Det er «vår alles oppgave å holde fast på våre røter, men også å respektere andres». Det verkar ikkje som om Alhaug er innstilt på å respektere andre sine røter, eller at det er mogleg for andre å bli ein del av den norske kulturen og bli «etnisk norske» utan at ein utslettar kvarandre.

Ordboka definerer «etnisitet» som «kulturell og geografisk bakgrunn for person eller folkegruppe», utan å seie kor mange særeigenheiter ein må dele, eller kor lenge ein må ha budd innanfor det same geografiske området. Er alle som ikkje likar rakefisk eller lutfisk «uetniske»? Er alle etterkommarane av handverkarar som flytta til Noreg på 1600-talet, «uetniske» fordi dei ikkje har røter tilbake til vikingtida? Var Snorre etnisk norsk eller etnisk islandsk? Både genetisk, språkleg og kulturelt kan ein òg snakke om etniske skandinavar, eller også germanarar.

Som regel er det ikkje problem med folk frå nabolanda våre eller andre germanarar. Etnisitetsomgrepet blir først trekt inn når det gjeld folk med ei anna hudfarge eller ein annan religion; og «verst» er muslimane  –  for dei trugar kulturen. Ein gløymer då at kristendommen i si tid gjennom vald utsletta den gamle heidne kulturen, eller at protestantismen fem hundre år seinare meir eller mindre utsletta katolisismen i Noreg; og ein gløymer at germanarane trengde tilbake samane som var etablerte i Noreg. Desse blir i dag gjerne ikkje definerte som etniske nordmenn – sjølv om dei har ei lang språkleg og kulturell historie innanfor det same geografiske området, og sjølv om den norske kulturen og nasjonen har utvikla seg til det den er i samspel med «dei andre».

Sjølv er eg norsk statsborgar, kvit i huda, har norsk namn, snakkar nordlending, skriv både bokmål og nynorsk, underviser i norsk språk og språkhistorie, et både rakefisk og lutfisk. Likevel meiner nokon eg ikkje er «norsk nok» fordi eg ikkje er fødd i Noreg. Sonen min, snart 16, kan kanskje heller ikkje kalle seg «etnisk norsk» da, stakkar. Han har «budd» enda kortare tid i Noreg enn meg. Men heldigvis har han etnisk norsk mor. Vel, det kjem jo an på definisjonen; røtene går tilbake til 1600-talet. Heldigvis lever sonen min i Noreg i 2012 og ikkje i Tyskland før 1945, då ein måtte kunne stadfeste etnisiteten i mange slektsledd bakover for å overleve.

Ein må gjerne diskutere innverknader av kulturkontakt og migrasjon, men det blir fort problematisk når ein trekkjer inn omgrepet «etnisitet» for å legitimere kva som definerer ein nasjon. Eit demokrati består av individ som har rett til å vere seg sjølve på alle måtar. Det er religionsfridom, og ein kan ete kva ein vil; rakefisk eller kebab. Det er verken gudstrua eller matrettane som definerer ein nasjon. Det er viljen til alle og den enkelte til å gjere det beste for samfunnet. Kardemommelova er viktigare enn etnisitet: «Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill, og for øvrig kan man gjøre hva man vil».