Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Språkleg samling". Hamar Arbeiderblad, 31.08.2012, s. 20. [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til Bjørn Kristen Ørbæk:Språklig skilsmisse i HA, 21.08.2012, s. 26 [>pdf] og Østnorsk i HA, 22.08.2012, s.26 [>pdf]
.


Språkleg samling

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
___________________________________________________________
 

Sommaren er meir eller mindre over, og nynorskmotstandarane har funne fram pennen igjen. B. K. Ørbæk hadde innlegg tre dagar på rad no for å argumentere for austnorsk som det beste grunnlaget for eitt felles skriftspråk (21.8.) og for «språkleg skilsmisse» (22.8.).

Teksten om språkleg skilsmisse er nesten av religiøs karakter, der éin enkeltperson i form av eit slags «vitnesbyrd« blir brukt som eit argument for kva alle vi andre skal meine. Det er trist med alle tilfelle der nokon føler seg tvinga til å måtte slutte å bruke den målforma ein føler mest naturleg å bruke. Eg sjølv slutta å bruke nynorsk i 2006 – ikkje fordi eg følte det var for vanskeleg, men fordi eg var trøytt av å måtte forsvare målforma mi i alle tenkjelege og utenkjelege samanhengar. Det var først då eg flytta til Hamar at eg tok tilbake den målforma som passa meg og talemålet mitt best. Men det er faktisk eit slit å vere nynorskbrukar, spesielt her på Austlandet. Derfor bør ein heller skrive om dei som klarer å stå imot presse frå majoriteten, enn om dei som gjev opp. Uansett bør ein velje målform ut ifrå eigne preferansar og ikkje ut ifrå kva aktørar som Ørbæk og andre meiner ein skal gjere ut ifrå deira syn på demokrati og fleirtalssamfunnet.

I innlegget 22. august prøver Ørbæk å finne røtene til austnorsk i gammalnorsk. Men som så ofte går det litt over stokk og stein hos Ørbæk. Typiske talemålstrekk som kløyvd infinitiv, dativ, tjukk l, monoftongering og trykkplassering kan for så vidt følgjast tilbake til dialektar på 1200-talet. Men på kva måte er dette relevant for å argumentere for bokmål som einaste skriftspråk? Dativ er ikkje i bruk i skriftspråka våre, tjukk l blir ikkje markert, og ein markerer trykk berre i svært få tilfelle. Monoftongering finst i bokmål, der ein kan velje mellom t.d. stein og sten eller graut og grøt, mens ein ikkje kan velje former med monoftong i nynorsk. Stangedialekten har for så vidt monoftongering, men ein skal ikkje så veldig mykje lenger nord før dette trekket forsvinn. Kløyvd infinitiv er mogleg i nynorsk, men forsvann ut av bokmål i 2005. Så kva er poenget med å nemne desse trekka?

Det er riktig at bokmål er påverka frå fleire andre språk og dermed ein «syntese» - norsk er ein syntese. Både bokmål og nynorsk er norsk. Sånn er det berre. Det bokmålet vi har i dag, er ikkje minst påverka av utviklinga ein hadde innanfor nynorsk og den opphavlege samnorsktanken, der ein nettopp prøvde å lage ein syntese av dansk og norsk for å komme fram til eitt felles skriftspråk. I staden enda ein opp med to likeverdige og sidestilte skriftspråk. Den eine målforma er ikkje betre enn den andre. Å ha to relativt like skriftspråk skapar heilt klart ein del utfordringar, men den største utfordringa er knytt til haldningane som kjem til uttrykk hos dei som står på yttersidene i kvar sin leir og argumenterer for skilsmisse og splid.