Henrik Wergeland hadde fødselsdag 17. juni. Hurra for han! Wergeland var ein stor diktar, men mange tenkjer kanskje meir på han på 17. mai. Hurra! Henrik Wergeland var ein mann av store ord, men han var òg rett og slett stor i kjeften og terga på seg ein og annan.
Det er mangt og mykje å fortelje om Wergeland, men det er kanskje ikkje heilt overraskande hans engasjement for språket som fasinerer meg. Wergeland ville fornorske dansken. Han ville ta i bruk norske ord i det danske riksspråket, og han ville «knote», som mange i dag ville kunne finne på å seie. Wergeland var éin av dei første som byrja å blande norske ord inn i dansken, og han var med på å få ein stein til å rulle i retning av eit norsk skriftspråk. Dette blei sett i system av blant anna Knud Knudsen og følgt opp av mange rettskrivingsreformer (1862, 1907, 1917, 1938, 1959, 1981, 2005). Over tid blei dette til bokmål, som etter 150 år og mange reformer har fjerna seg ein god del frå dansk.
Wergeland hadde ein motstandar, og det var Johan Sebastian Welhaven. Welhaven hadde ingenting til overs for «knoting» og ville halde dansken rein og «uforderva». Alt var fint som det var. Men han hadde generelt lite til overs for Wergeland og spurde retorisk «Hvorlænge vil du rase mod Fornuften?». Welhaven gjekk verbalt til åtak mot Wergeland, og vi fekk ordstriden som seinare blei kjend under namnet «stumpefeiden».
På Wikipedia kan ein lese om Wergeland: «Han hadde òg politiske idear, såg langt framover, ville jamne ut klasseskilnader og gjera samfunnet meir demokratisk. Han la vekt på rolla til bøndene og ville setja dei i stand til å ta del i dei demokratiske avgjerdsprosessane. Wergeland såg verdiane i talespråket på bygdene og henta inn ord og vendingar frå dette i sitt eige språk. Samtida hadde lett for å sjå på det som språkøyding.» Halvdan Koht kalla han for «måltankens far».
Om Welhaven kan ein bl.a. lese: «Welhaven ville halde på det kulturelle og språklege sambandet med Danmark og byggje opp under den dominerande stillinga til embetsmannstanden.»
Om begge står det: «Som personar var Wergeland og Welhaven både like og ulike. Dei hadde båe sans for polemikk og hadde ikkje lett for å gje seg. Men Wergeland var den opne, frilynde og viltre, medan Welhaven kunne verka gruvlande og mutt. Somme tider slengde han frå seg beiske kommentarar som andre tok ille opp.»
I lys av dei siste vekers og års språkdebatt her på Hamar er dette eigentleg ganske så morosam lesing. Some things never change. Hurra for Wergeland!