Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: Mjøsdialektane". Hamar Arbeiderblad, 04.06.2012, s. 33. [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til Ole R. Østby: Vil mjøsdialekta dø ut? i HA 29.05.2012, s. 30  [pdf av innlegget].

Mjøsdialektane

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________
 

Ole R. Østby hadde eit svært godt innlegg om mjøsdialektane i HA 29. mai. Det er fint at det også kjem saklege og reflekterte innspel i språkdebatten. Hovudspørsmålet var om mjøsdialektane kanskje ville døy ut på sikt.

Vi er utan tvil inne i ei utvikling mot meir og meir regionalisering av dialektane. Det vil ikkje vere like lett i framtida å høyre forskjell på folk frå enkelte byar eller tettstader. Ein får ei homogenisering av talemåla slik at dei fleste dialektane – i alle fall her på Austlandet – vil bli enda meir bokmålsnære. Dette vil mange meine er ei positiv utvikling, og dette gjev i alle fall vind i segla til dei som ønskjer seg bokmål som einaste skriftspråk i Noreg.

På den andre sida skreiv Østby også at talemålet er ein viktig del av vår identitet. Østby var også klar på at eitt målføre ikkje var meir høgverdig enn eit anna. Det er nettopp i denne samanhengen ein kan spørje seg korfor vi då har ei slik utvikling mot skriftspråkbaserte talemål. Det handlar ikkje berre om at ein normaliserer mot bokmål; det handlar også om at ein normaliserer mot Oslo-mål. Det er eit svært utbreitt fenomen at ungane leikar på bokmål – eller altså Oslo-mål – over heile landet.

Det er nok eitt dialektområde som blir oppfatta som meir høgverdig enn andre. I dei fleste teiknefilmane ein ser, er det ei stor overvekt av stemmar frå Oslo og Austlandet, mens det er nokre få stemmar som representerer dialektar frå andre område i Noreg. Dette blir gjerne gjort for å stilisere – eller helst stigmatisere – enkelte personar eller karakterar. Hedmarksdialektane har vore utsett for stigmatisering i lengre tid, og Sigbjørn Johnsen er faktisk éin av dei personane som har bidrege til at det har blitt lettare å bruke dialekten sin i ulike offisielle samanhengar, t.d. også på Stortinget. Ole R. Østby kan gjerne poengtere at det handlar om å markere geografisk tilhøyrsle, men det handlar faktisk også om demokrati og likestilling.

Dess meir bevisst ein er på å prate dialekt og forsvare dialekten sin mot påverknaden frå eit høgspråk eller meiningane til folk som ikkje vil akseptere språkleg variasjon, dess meir bevisst vil ein vere på andre område, t.d. på å forsvare retten til å vere seg sjølv og skilje seg ut – vere annleis. Det kan godt hende at eitt standard talemål og eitt standard skriftspråk kan vere praktisk. Då er det kanskje like greitt å pakke saman og snakke og skrive engelsk. Men den eine eller andre vil kanskje likevel meine at vi har noko som er verdt å ta vare på – ikkje berre nasjonalt, men også lokalt.