Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Språkhistoriske fakta?". Hamar Arbeiderblad, 31.05.2012, s. 29. [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til Einar Lang-Ree:Nynorsk må avvikles i HA, 25.05.2012, s. 29. [>pdf]

Språkhistoriske fakta?

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
______________________________________
 

Einar Lang-Ree (L-R) er ikkje alltid så nøye med historiske fakta, t.d. også i HA 25. mai.

L-R påstår at Ivar Aasen fekk lov til å etablere sin eigen dialekt. Aasen kartla dialektane i Noreg, og på grunnlag av dette laga han eit tverrsnitt som kunne brukast som eit grunnlag for eit norsk skriftspråk. På dette tidspunktet var det dansk som var skriftspråket i Noreg.

L-R påstår at nye landsmenn berre treng å lære seg eitt språk, og det er «riksmålet». Det heiter faktisk «bokmål». «Riksmål» gjekk ut som namn på det danskbaserte skriftspråket i 1929. Riksmålforbundet si private skriftnorm er ikkje eit offisielt skriftspråk i Noreg, sjølv om det i dag stort sett fell saman med bokmål.

L-R påstår at «riksmålet» blir brukt frå Lindesnes til Nordkapp. Det stemmer sidan både bokmål og nynorsk blir brukt i heile landet, men L-R underslår at det finst kommunar der bokmål ikkje er hovudmålet.

L-R skriv at vi alle «har plikt til å lære dette ene målet». Med enkelte unntak har alle plikt til å lære begge målformene.

Det er riktig at Aasen ikkje tenkte på økonomi. Sjølvsagt hadde det vore billegast å halde fram med å skrive dansk. Men dei nasjonale strøymingane på den tida kravde eit norsk skriftspråk. Aasen tenkte ikkje på seg sjølv. Heller ikkje Fougner Lundh, Wergeland, Hielm, P.A. Munch eller Knudsen tenkte på seg sjølve. Dei tenkte på nasjonen. Dette var nasjonalromantikken. Det var nasjonen Noreg som vakna.

Det er historielaust å påstå at ingen skreiv brev til kvarandre på Aasen si tid. Poenget er at ein skreiv på dansk. Det blei også skrive mykje viktig litteratur – men på dansk, sjølv om forfattarane heitte Ibsen eller Bjørnsson.

Vi er ikkje åleine om å ha fleire skriftspråk. Sveits har t.d. tre offisielle skriftspråk pluss retroromansk, og heile EU er basert på at offisielle tekstar skal omsetjast til alle språka i EU-landa.
L-R gjev Aasen skylda for «tospråksgalskapen». Det var heile tida meininga at dei to skriftspråka skulle foreinast til eitt. Dette var både Knud Knudsen, «bokmålets far», og Ivar Aasen, «nynorskens far» relativt einige om. Ingen kunne den gongen vite at folk ikkje skulle klare å bli einige om felles former på 1900-talet. Dette er verken Knudsen eller Aasen sin feil. Det er rett og slett manglande vilje til å godta variasjon innanfor det same språket. Folk flest er positive til variasjon innanfor talemåla, men går på barrikadane for enkeltord og bøyingsformer i skriftspråka. Men det er sjølvsagt lettast å skylde på nokon andre – spesielt viss dei har vore døde i hundre år.