Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Propagandasjefen - Forfremming". Hamar Arbeiderblad, 29.05.2012, s. 31. [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til Bjørn Kristen Ørbæk: Itte norsk nok i HA, 24.05.2012, s. 26. [>pdf]

Forfremming av propagandasjefen

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
______________________________________
 

Det kan sjå ut som om ”propagandasjefen” for antinynorsk-politikken har levert inn ein søknad om å forfremme seg sjølv (HA 24. mai). Heretter må visst alle levere stamtavle før dei kan delta i ein debatt om norsk språk.

Den type ”argument” var vel å vente etter at Bjørn Kristen Ørbæk – etter nesten fem år med krangling i aviser og på offentlege debattmøte – plutseleg fekk vite at den målmannen som han trudde var ein storkjefta nordlending, i realiteten ”berre” var ein hamburgar, som etter 27 år i Noreg og diverse ”sertifikat” ikkje eingong kunne samanliknast med ei lunken norsk kjøttkake – itte norsk nok, nei. For eit sjokk det må ha vore for Ørbæk å finne ut slike lumske ”hemmelegheiter” tidleg ein laurdag då han skulle kose seg i fred og ro med avisa. Det er vel like før at Ørbæk krev å få sett i gang ”Hamar-prosessar” for å skilje klinten frå kveiten – eh – ”hveten”. ”Vem vet, inte du – Du är en saga för god för att vara sann…”

Nei, det er klart, doktorgrad i norsk og tjue års undervisningserfaring er sjølvsagt ingen kvalifikasjon til å kunne uttale seg om norsk språk. Ifølgje Ørbæk er det berre dei innfødde som kan tale og skrive ekte norsk. Det er vel også derfor det går så bra med morsmålsfaget i alle ledd i utdanningssystemet. Å, nei, eg gløymde meg her; alt dette er jo nynorsken sin feil.

Det kan godt hende at Ørbæk sukkar oppgjeven der heime attmed kjøkkenbordet – som han kallar ”væla utafør”. Men viss ikkje den type ”argumentasjon” får lesarane og samfunnet til å sukke enda høgare og reagere, då fryktar eg at all slags rosetog og antimobbekampanjar er utan verknad. Det byrjar å bli altfor mange døme på at vi har menneske her i landet som ein ikkje kan diskutere med på eit sakleg grunnlag. For altfor mange er haldningar viktigare enn kunnskap. Eg har sagt det før, Ørbæk skriv gjerne om demokrati og integrering, men han meiner noko heilt anna med det enn dei fleste av oss andre – og eg håpar då verkeleg å få lov til å seie ”oss” i denne samanhengen.