Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Svar til Bjørn Kristen Ørbæk: Propagandasjefen". Hamar Arbeiderblad, 25.05.2012, s. 31. [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til Bjørn Kristen Ørbæk: Mørenorsk, HA, 18.05.2012, s. 35, Om bokmål og nynorsk, HA 21.05.2012, s. 30, og Rød-grønn språkpolitikk, HA 23.05.2012, s. 27..

Propagandasjefen

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Bjørn Kristen Ørbæk har ladd mitraljøsepennen sin igjen og skyt ut antinynorskpropaganda i både dikt- og prosaform for tida. No kunne vi lese den same bodskapen i ulik form i HA 18., 21. og 23. mai.

Dette kan jo ha ein viss underhaldande effekt. Det er uansett interessant at nokon kan ha ein så stor aversjon mot den eine av dei to norske målformene at dette fører til kunstnariske höjdare som ”Mørenorsk” (HA 18.5.).

Når det gjeld det ”faglege” innhaldet i denne propagandaen, er det like tynt som det har vore. Det er ikkje så nøye med fakta, berre det ser ”bra” ut i propagandaen. Ein kan av og til spørje seg kvar Ørbæk har gått i skole.

Onsdag 23. mai var det partia SV og SP som fekk gjennomgå for å få spreidd meir nynorskhat til HA sine lesarar. Ørbæk framstiller det som om AP er dei moderate. Men som eg har prøvd å informere Ørbæk om tidlegare, står regjeringspartia bl.a. bak Stortingsmelding 35, 2007-2008, ”Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk”, som er på heile 266 sider. I denne meldinga står det faktisk mykje fornuftig, og det er denne meldinga som er grunnlaget for den offisielle språkpolitikken. Men det er neppe litteratur som ligg på nattbordet til propagandasjefen.

I staden for å seie at SV og SP forpliktar seg til den offisielle språkpolitikken som regjeringa har vedteke, påstår Ørbæk at desse partia er i lomma på Noregs Mållag. Det kan sjølvsagt ikkje vere tilfelle at både AP, SV, SP og Noregs Mållag rett og slett er opptekne av demokrati og likestilling på alle nivå i samfunnet, også på det språklege.

Ørbæk skyv også stadig våre såkalla ”nye landsmenn” framfor seg, som han gjerne vil ta omsyn til. Han vil altså gjerne trampe på alle nynorskbrukarane i landet for å ”hjelpe” dei som frå før er fritekne frå å dokumentere ferdigheiter i begge målformene. Spørsmålet er om alle lesarane ser desse billige poenga.

Ei anna sak er at Ørbæk nokon gonger omtaler nynorsk som eit eige språk som er altfor vanskeleg for ein stangesokning, og andre gonger er det så likt at ”de aller fleste etniske nordmenn ikke har føresetnad for å holde to så like språkformer frå hverandre”.

Likt eller ikkje likt? Likestilling eller ikkje likestilling? Ørbæk si form for likestilling er einsretting, og propagandaen hans liknar òg veldig på denne typen tenking. Hadde ikkje Ørbæk også denne aversjonen mot samnorsk, kunne han snakka om integrering på ein heilt annan måte.