Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”To målformer - Ja, de penga". Hamar Arbeiderblad, 16.05.2012, s. 28. [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til Per Johansen: Nynorsk og bokmål - Språkdebatten i HA, 11.05.2012, s. 24  [pdf av innlegget].

To målformer - Ja, de penga...

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________
 

11. mai siterterte Per Johansen siterer Einar Lang-Ree, som kalla Ivar Aasen landets dyraste person. Dessverre, som så ofte, er det nokre problem med måten det blir argumentert på i sidemålsdebatten. Noreg har to offisielle skriftspråk, dette er vedteke ved lov. Derfor er det eventuelt dette som kostar samfunnet vårt litt ekstra – ikkje den eine eller den andre målforma åleine.

Dersom ein ønskjer å hengje merkelapp på målformene, og dersom ein ønskjer å peike ut enkeltpersonar, kan ein eventuelt seie at Knud Knudsen OG Ivar Aasen har kosta det norske samfunnet så og så mykje. Ein kan i same slengen ta med fleire andre viktige personar frå språkhistoria og den politiske historia.

Men, ja, kor mykje enklare og billegare hadde det ikkje vore med eitt skriftspråk? Og for å drive argumentasjonen ad absurdum: det hadde faktisk vore billegast om ein hadde halde fram med å skrive dansk etter 1814. Ingen endringar, ingen ekstra pengar og ingen personleg innsats.

Men tida etter 1814 var prega av at ein ønskte seg eit skriftspråk som var meir i samsvar med dei norske talemåla. Som vi alle veit, kom ein på minst to måtar å løyse dette på. Det var likevel intensjonen at ein skulle komme fram til eitt skriftspråk til slutt. Dette såg relativt greitt ut ei stund, men etter 1950 blei det meir og meir klart at det var mange som ikkje ville ha noko samnorsk. Bjørn Kristen Ørbæk innrømmer t.d. heilt ope at nettopp dette førte til at han utvikla dei meiningane som han framleis forfektar i dag.

I den grad ein ønskjer å hengje ein prislapp på noko eller nokon, bør ein kanskje peike ut alle dei som har kjempa imot samnorsk – eitt felles norsk skriftspråk; og i den saka er det like mange ”skyldige” i begge eller alle leirane. Dersom ein ikkje er villig til å inngå kompromiss for å komme fram til noko som alle er nøgde med, må ein kanskje også akseptere at ingen blir nøgde til slutt.

Per Johansen, nynorsk er ikkje ”gammaldags”, sjølv om det kjem nye landsmenn til Noreg. Dei nye landsmennene kjem gjerne sjølve frå kulturar med fleire ulike, men også liknande språk. Det er dei som nektar å innsjå dette, som er gammaldagse i Noreg i dag.

Nynorskmotstandarane her i området understrekar gjerne kor viktig det er å ta vare på dialektane og mangfaldet, og eg sluttar aldri å undre meg over korleis ein kan tru at ein kan ta vare på mangfaldet ved å fjerne enkelte delar av nettopp dette mangfaldet.