Subjektiv språkdebatt
JENS
HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og
mållag
__________________________________________________________
Per Johansen takka 21. april for
diktsamlinga han fekk i gåve av Hamar dialekt- og
mållag. I same setning måtte Johansen få med at
diktsamlinga var ”riktignok i pocketformat”. Det er
kanskje litt merkeleg å takke for ei gåve på denne
måten?
Det er
ingen andre enn den for lengst avdøydde læraren som reiv ut tre
sider i Johansen si diktsamling, som eventuelt hadde noko
erstatningsansvar. Hamar dialekt- og mållag tilbaud ei ”fredspipe”
for å prøve å få nynorskdebatten til å bli litt meir sakleg i staden
for subjektiv og emosjonell. Det må elles seiast at André Bjerke
sine dikt berre kunne skaffast i to utgåver, begge i eit relativt
lite format. Mållaget valde den dyraste og mest forseggjorte utgåva
med gullbelagde sider, men det ser ikkje ut til at dette kunne
kompensere fullt ut for den skaden den mykje omtalde læraren hadde
gjort. Dette er berre å beklage.
Elles
vil Per Johansen også gjerne imøtegå min ”påstand” om at
nynorskprosenten er langt under 5 prosent på TV. Per Johansen påstår
på si side at den er på 50 % på NRK1. Som eg skreiv i HA 14. april,
har eg vore i direkte kontakt med NRK, og statistikkane til NRK er
også tilgjengelege på nettet.
I
motsetnad til Johansen (eller Ørbæk) kjem eg ikkje med påstandar,
men med faktiske tal. Når eg skreiv at nynorskprosenten låg under 5
%, skreiv eg tydeleg at eg meinte alt som blei sendt på alle
TV-kanalane. Nynorskprosenten for NRK1 var i 2008, 2009 og 2010
høvesvis 18, 24 og 18,2 prosent, og NRK innrømmer ærleg at dei har
problem med å oppnå kravet om 25 %.
Påstanden til Johansen er altså både usakleg og svært subjektiv.
Dersom ein derimot fortrinnsvis ser på seriar som er teksta på
nynorsk, og elles berre ser på nyheiter, kan det subjektive
inntrykket sjølvsagt vere at halvparten av alt ein ser på, er på
nynorsk. Men då bør ein kanskje vere litt meir nyansert i måten ein
formulerer seg på?
Og når
ein likevel vel å sjå på program som er teksta på nynorsk, tyder det
kanskje at innhaldet er viktigare enn forma uansett. |