Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”NRK og nynorsk". Hamar Arbeiderblad, 16.04.2012, s. 44. [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til Bjørn Kristen Ørbæk: Nynorsk i TV, HA, 30.03.2012, s. 25  [pdf av innlegget].

NRK og nynorsk

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________
 

B. K. Ørbæk kastar gjerne rundt seg med tal for å ”dokumentere” bruk av nynorsk. Men eg har framleis til gode å sjå at han bruker tal frå offisielle kjelder.

30. mars skreiv Ørbæk at nynorsk var ”et lite minoritetsspråk på ca. 5 %”. No er det riktig nok i ikkje så enkelt å måle slikt. Det er dessutan også eit definisjonsspørsmål om nynorsk er eit språk eller ei målform, som saman med bokmål representerer norsk. Men det finst statistikkar over dei som bruker nynorsk som skriftspråk. Språkrådet skriv at nynorsk blir brukt i skrift av 10 – 15 %. Ørbæk sine 5 % er ca. 250.000 brukarar, mens 10 – 15 % er 500.000 til 750.000 brukarar. Det er kanskje ein minoritet, men det er svært mange, levande menneske med same rett til å velje éi av dei to målformene.

Ørbæk påstår elles at nynorsk (”dette kunstige særspråk”) for tida dominerer i tekstinga av nyheiter og utanlandske filmar – ”i den grad at vanlige mennesker lurer på om galskapen fullstendig har gått amok”. No er det no éin ting at Ørbæk meiner at hundretusenvis av nordmenn ikkje er vanlege menneske (elles kan jo ”vanleg” også ha ei anna tyding, som eg ikkje skal komme inn på her). Men ein annan ting er å påstå at det plutseleg skal ha skjedd ei endring i bruken av nynorsk i TV-sendingar.

For det første er det berre NRK som er underlagt lova om målbruk i offentleg teneste. ”Vanlege” folk er dermed rimeleg skåna for å bli torturerte med nynorsk ”i tide og utide”. Men heller ikkje trufaste brukarar av NRK sine program vil kunne dokumentere at nynorsk blir brukt meir enn før eller til og med ”dominererer”.

NRK sine eigne tal viser nynorskprosenten i dei ulike TV- og radiokanalane. Det er svært varierande tal, men gjennomsnittet for t.d. 2008 var 20 %. Informasjonsavdelinga til NRK innrømmer elles at dei har problem med å oppfylle kravet om 25 % nynorsk. Språkrådet sin statusrapport for 2011 fortel at nynorskbruken går tilbake i fem av sju NRK-kanalar. Alt dette er sikkert berre vatn på mølla til Ørbæk sin fleirtalspolitikk. Men dei faktiske tala er klare på at ein ikkje kan påstå at NRK ”pøser på med nynorsk”. Den totale nynorskprosenten for alle TV-kanalane er nok langt under 5 %.