Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Snakk dialekt ". Hamar Arbeiderblad, 27.03.2012, s. 27. [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til Per Johansen: Vyrde Jens Haugan, HA, 23.03.2012, s. 28  [pdf av innlegget].

Snakk dialekt

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________
 

Eg vil takke Per Johansen for eit tappert forsøk på å svare meg på mi målform (HA 23.3.). Det kan jo hende at jeg burde svare tilbake på bokmål bare for å understreke at målforma faktisk er underordnet innholdet i det vi ønsker å kommunisere. Men det ser eg ikkje noko poeng i sidan begge målformene jo er sidestilte og likeverdige.

Når vi snakkar til kvarandre, bruker vi som regel dialekt. Per Johansen skriv om si eiga mor at ho kom ifrå Frosta i Trøndelag og derfor prata trøndsk og ikkje nynorsk. Eg har framleis vanskeleg for å skjønne korfor nokon vil ha det for seg at ein skal snakke nynorsk. Nynorsk og bokmål er skriftspråk som ikkje er baserte på éin dialekt eller éin region. Derfor er det i utgangspunktet som regel ingen som heilt naturleg av seg sjølv vil snakke bokmål eller nynorsk. Ei anna sak er at NRK i svært lang tid har hatt ein normeringspolitikk og at lyttarane og sjåarane gjennom fleire generasjonar har fått eit inntrykk av kva som ”er” (nokon meiner bør vere) normalisert talemål. Mange oppfattar dette nok som ei slags rettesnor – spesielt ungar har lett for å lære seg barne-tv-språk. Det er først dei seinare åra at ein har opna for meir for bruk av dialekt i offentleg kringkasting.

Mora til Per Johansen prata sjølvsagt dialekt – og ho blei respektert lell, skriv Johansen. Det får vi no håpe! Ho hadde nok vore mindre respektert i lokalmiljøet dersom ho hadde knota på bokmål eller nynorsk – som altså er skriftspråk. Når det er sagt, vil eg nok ut ifrå eit språkleg perspektiv påstå at trøndske dialektar ligg mykje nærmare den nynorske skriftnormalen enn bokmål. Forholdet mellom dialektbruk og val av skriftspråk har som regel meir samanheng med politikk og haldningar enn faktiske språklege grunnar. Oppfordringa er derfor: snakk dialekt, og bruk den målforma som passar deg. Men pass på at du respekterer valet til dei som vel ei anna målform enn du sjølv. Dei to målformene er sidestilte og likeverdige – ved lov.

Ny utgåve av André Bjerkes samla dikt kjem i posten etter kvart.