Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”André Bjerke og nynorsken - Til Per Johansen ". Hamar Arbeiderblad, 19.03.2012, s. 30. [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til Per Johansen: Språktvang i norske massemedia, HA, 05.03.2012, s. 32  [pdf av innlegget] og Språkstriden, HA, 14.03.2012, s. 36  [pdf av innlegget]

Per Johansen og André Bjerke

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________
 

Per Johansen har fleire gonger dei siste åra fortalt ei tåredrypande historie om den gongen ein no avdøydd lærar hadde lånt André Bjerkes samla dikt, seinast i HA 14. mars og før det 5. mars. Læraren som hadde lånt diktsamlingane, skal ifølgje Johansen ha vore ”nynorskfanatikar”, og har visstnok rive ut tre sider der det stod noko om Arnulf Øverland og bokmål. Sjølv om dette altså var ein privatperson som Johansen hadde lånt bøkene til, blir dette stadig trekt fram og presentert i avisa som eit døme på korleis ein vanleg nynorskbrukar er. Per Johansen bruker dette i alle fall som dårleg ”reklame for brukerne av dette målføret”.

Ei skal la vere å diskutere at nynorsk er ei målform og ikkje eit målføre, og det nyttar vel heller ikkje å diskutere med Johansen at det ikkje ”i all rettferdighetens navn” kan slåast fast at ”nynorsk har altfor stor plass i radio og tv”, som han skreiv 14. mars. Det kan slåast fast at ein kan vere ueinig om perspektiva på dette.

Men, sidan Per Johansen heilt tydeleg har bore nag til den avdøydde læraren i mange, mange år og overført dette til alle nynorskbrukarane i landet, vil Hamar dialekt- og mållag med dette tilby Per Johansen å erstatte det øydelagde bindet av André Bjerke. Og vi håpar med dette at ”arvesynda” kan gjerast opp, og at Per Johansen igjen kan vere open for at det finst mange gode norske forfattarar, og at målforma har mindre å seie for kvaliteten enn innhaldet – og ikkje minst at ein bør vere varsam med å generalisere frå enkeltpersonar til større grupper av menneske.