Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Speakers' Corner - Språkdebatten". Hamar Arbeiderblad, 16.03.2012, s. 27. [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til Einar Lang-Ree: Speaker's Corner - Språkdebatt, HA, 09.03.2012, s. 28  [pdf av innlegget].

Språkdebatten på Speakers' Corner

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________
 

Einar Lang-Ree refererte i HA 9. mars frå språkdebatten på Speakers’ Corner.

For Lang-Ree, Ørbæk og nokre andre ser det ut til å vere svært så viktig med ”fleirtalet” i all argumentasjon. Den enkle sanninga ser ut til å vere at fleirtalet har rett uansett – om ikkje anna bør dei få bestemme. 

Når det kjem tre personar frå Hamar dialekt- og mållag på Speakers’ Corner for å høyre på kva sidemålsmotstandarane har å seie, då er det desse som er ”ihuga målfolk” som skapar sterke motsetningar. Det er sjølvsagt ikkje snakk om ein gjeng med ihuga nynorskmotstandarar som samlar seg for å dyrke sitt eige perspektiv på verda.

Eg har jo vore på desse ”klubbmøta” til nynorskmotstandarane før, og eg prøvde å ”åtvare” dei to andre som ville komme og høyre på. Det var harselering, latterleggjering, mobbing og delvis relativt personlege åtak på mindretalet, og det var ein heilt annan rovdyrproblematikk på dette arrangementet enn det ein elles les om i avisa.

Lang-Ree, Ørbæk og andre påstår stadig at ”mindretalet” utøver ”tvang” på fleirtalet. Dette undertrykte fleirtalet ser ikkje ut til å vere i stand til å kunne sjå ting frå mindretalet sitt perspektiv. Når det t.d. blei sagt at det er ”ingen” som bruker nynorsk lenger, var det inga forståing for kva slike utsegner i praksis signaliserte overfor dei som blei redusert til ”ingen”. Fleirtalet er alle, mens dei andre er ingen. Så enkelt kan det vere.

Det er også merkeleg at dei som argumenterer for to likestilte målformer og språkleg mangfald og likestilling, blir framstilte som ein type overgriparar, mens dei som vil ha eitt skriftspråk, meiner at dette er den einaste forma for demokrati.

Eit anna poeng som nynorskmotstandarane ofte bruker, er at det kostar mykje pengar å ha to skriftspråk. Men kor mykje pengar brukar samfunnet og enkeltpersonar på bilete og pynt som ikkje har nokon annan funksjon enn at det lyser opp kvardagen og nokon synest det er fint å sjå på? Det er dette som gjer mennesket til eit kulturelt vesen. Speakers’ Corner var derimot meir prega av ukultur enn av kultur. Snakk dialekt – skriv bokmål og nynorsk.

 

[Merknad: Hamar Arbeiderblad "retta" Speakers' Corner til Speaker's Corner i den trykte teksten. Men det skal altså vere Speakers' Corner (fleirtal) på engelsk... :-)]