Talemål og skriftspråk i skolen
JENS
HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og
mållag
__________________________________________________________
Bjørn K. Ørbæk skriv 16.2. i
både HA og HD om språkleg identitet, men er igjen
ute med påstandar som ikkje held vatn.
Ørbæk
krev ei eksamensfri forankring i eige talemål og eige
kulturgrunnlag. Elevane snakkar som regel sin eigen dialekt i
skolen, og når dei får karakter i munnleg, er det for innhaldet i
det dei seier, og ikkje for korrekt dialektbruk. Undervisninga er
også forankra i vår kultur, utan at dette i seg sjølv blir vurdert i
form av eksamen.
Ørbæk
påstår at opplæring i nynorsk svekkjer dialekttilhøyrsla. Dei fleste
elevane jobbar så lite med nynorsk at dette neppe vil kunne påverke
dialekten. Over heile landet kan vi derimot observere at folk flest
normaliserer mot bokmål. Hedmarkingar gjev t.d. opp former som «je»
og «itte» til fordel for «jeg» og «ikke». Årsaka er å finne i
bokmål, Oslo-mål og eit mindreverdig forhold til sin eigen dialekt.
At
elevar med vestnorske dialektar har ein fordel pga. sitt «særspråk»
er like urimeleg. I den grad det finst nokon «vinnarar» i
språkutviklinga, er det Ørbæk og dei som ønskjer ei utvatning av
dialektane til fordel for eit bokmålsbasert talemål over heile
landet.
Ørbæk
har i årevis halde fast på at nynorsk er eit vestnorsk særspråk.
Dette må nok bl.a. NRK ta mykje av skylda for, sidan ein gjerne har
brukt vestlendingar som nyheitsopplesarar når ein skulle bruke
nynorsk som normert talemål. Men nynorsk er i utgangspunktet først
og fremst eit skriftspråk.
Ingen
påstår at nynorsk er vårt eigentlege morsmål! Morsmålet til dei
fleste i Noreg er norsk. Norsk består av hundrevis av dialektar og
sosiolektar og har to offisielle skriftspråk. Dei færraste barn
lærer å snakke skriftspråk, og dermed er verken nynorsk eller bokmål
morsmål i denne samanhengen.
Ørbæk
meiner ein trampar på folks identitet ved å krevje at det norske
språkmangfaldet blir gjort til ein del av pensumet i skolen. Men han
er ikkje villig til å sjå på at han sjølv gong på gong trampar på
folk sin identitet ved å ikkje ville gje det andre offisielle
skriftspråket sin rettmessige plass i skolen og i det norske
samfunnet. |