Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Er valfridom eit problem?". Hamar Arbeiderblad, 10.0w.2012, s. 30. [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kortversjon av
"Valfridom i skriftspråka våre". Gudbrandsdølen Dagningen, 06.02.2012, s. 33."
Er valfridom eit problem?
 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________
 

22.1. stod det ein kronikk i Aftenposten som sende sjokkbølgjer gjennom språklandskapet. Nynorsknormalen hadde framleis for mykje valfridom! Kronikken gjekk landet rundt på Internett, og mange meiner at nynorsk er for vanskeleg.

Tenk deg at ein kan skrive setninga «vi ønskjer dykk velkomne» på seksten ulike måtar (ein kan velje mellom vi og me, ønskje, ønske, ynskje, ynske og dykk og dokker). For ei krise! Ingen kan vel lære dette! Det rare er at ein godt klarar å velje éin favoritt i Twist-posen; dei fleste stemmer også berre på eitt parti, sjølv om det er mange å velje imellom.

Det er heilt utruleg kor lenge ein har klaga over dei valfrie formene i nynorsk. Meininga er jo trass alt at nynorsken skal kunne representere dialektmangfaldet i heile landet. Dette tyder sjølvsagt ikkje at ein sjølv skal bruke alle formene som er moglege, men at ein kan velje den forma som passar best med dialekten, eller som ein likar best.

For moro skyld har eg sett i hop ei setning på bokmål. Den er nok ikkje like vanleg som «vi ønskjer dykk velkomne», men ho består av heilt vanlege ord: «Hånden brøt vannflaten pga. ham eller dem som trente så det sved.»

I denne setninga er det sju ord som potensielt sett vil kunne representerast av tjue ulike ordformer i bokmål! Dei valfrie formene i bokmål er då: hånden, hånda, handen, handa; brøt, brøyt; vannflaten, vannflata, vassflaten, vassflata; ham, han; dem, de; trente, trenet, trena ; sved, svei, svidde. No kjem det jo inn aspekt som stil og konsekvens. Former som «hånden» og «vassflata» vil nok neppe bli brukte av den same personen. Men potensielt sett er dette altså mogleg.

Korleis ville ein så kunne skrive den same setninga på nynorsk? Jo: «Handa braut vassflata pga. han/honom eller dei som trena så det svei/sveid.» Det er faktisk berre to ord her som har alternative former.

Ville ein bokmålsbrukar vere i tvil om korleis han eller ho skulle skrive denne setninga på bokmål? Neppe. Konklusjon: Alle som er imot valfridom i skriftspråka våre, bør finne seg betre argument for å rakke ned på den eine eller den andre målforma.