Jøran Folstad og språkdebatten
JENS
HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og
mållag
__________________________________________________________
Det er fint
at Jøran Folstad ikkje har tenkt å gå i språkstrid
med meg (HA 30.1.). Språkdebatt
er bra – språkstrid er øydeleggjande.
Høgre og
også FrP bruker stadig ”fleirtalsargumentet” i sidemålsdebatten. Har
ikkje dei som representerer mindretalet i denne samanhengen, den
same retten til å føle seg overkøyrde?
Folstad
har aldri skrive nynorsk etter enda skolegang. Eg for min del har
ikkje teikna ein einaste parabel etter vidaregåande. Eg vil likevel
tru at det var greitt at eg gjorde dette i ein periode av mitt liv.
Det la grunnlaget for nye og andre kunnskapar. Vi fekk karakter på
matteprøvene utan å ta skade av det, og mange av oss var nok
frustrerte til tider. Men mange gjekk også vidare med matematikk og
fyller i dag viktige posisjonar i samfunnet. Det er ikkje sikkert
dei hadde gjort det dersom matematikk hadde vore valfritt på skolen.
Høgre og
FrP har til dels eit svært merkeleg kunnskapssyn. Alt skal bli så
mykje betre, berre ein får fjerna eitt eller anna i skolen. Folstad
påstår at skriftspråket ikkje er avgjerande når han les ei bok. Men
det blir stadig rabalder i skolen dersom nokon prøver å bruke
lærebøker på nynorsk. Då er Høgre fort på plass og synest synd i
elevane. Kanskje ein vil verne folk frå å lære for mykje? Kristin
Halvorsen er dessverre ikkje stort betre for tida.
Som
lærarutdannar kan eg ikkje skjønne at det ikkje skal vere mogleg å
organisere opplæringa på ein betre måte. Det er ikkje noko gale med
sidemålet i skolen, det er den punktvise undervisninga som er det
største problemet. Løysinga må vere å fokusere på kunnskapar,
ferdigheiter og haldningar istf. å fjerne karakterar eller å gjere
noko valfritt.
”Sidemålet” er eit offisielt, sidestilt og likeverdig skriftspråk.
Det kan godt hende at Folstad representerer eit fleirtal. Men det
tyder ikkje at dette fleirtalet har rett til å truge grunnlaget til
dei som av ulike grunnar vel å vere ein del av mindretalet. Kan ein
ikkje heller satse på å finne ut korleis ein på best mogleg måte kan
leggje til rette for eit språkleg og kulturelt mangfald basert på
gjensidig respekt? |