Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Språkleg variasjon". Hamar Arbeiderblad, 26.01.2012, s. 24. [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til Jøran Folstad: Talemål og skriftspråk, HA, 20.01.2012, s. 24  [pdf av innlegget].
Språkleg variasjon
 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________
 

Jøran Folstad diskuterer i HA 20.01. dialektbruk og språkendring som om dette utelukkande er naturlege prosessar.

Ja, det er ikkje unaturleg at ein blir påverka av språket ein høyrer rundt seg. Det er altså ingenting gale i det i seg sjølv at talemålet til slektningen til Folstad har blitt farga av rogalandsk. Det er heller ikkje gale i seg sjølv at hedmarkingar eventuelt vel å gå over til å snakke standard austnorsk, som i praksis tyder bokmålsbasert talemål med direkte referansar til Oslo-mål. Problemet oppstår først og fremst når nokon føler seg pressa til å leggje om dialekten på grunn av ein majoritet eller nokon med ei eller anna form for makt. I den augneblinken er det ikkje noko fritt val lenger, og vi snakkar om diskriminering. Hedmarksdialektane har vore direkte diskriminerte i ulike samanhengar.

Ja, språkendringar skjer, og dei er delvis naturlege – og dei kan delvis påverkast. Sjølv om bokmålstilhengjarar ikkje vil innsjå det, så har bokmål steg for steg utvikla seg frå rein dansk til å bli eit skriftspråk vi oppfattar som norsk. Denne prosessen har vart i snart to hundre år og vil også halde fram. Også nynorsk har utvikla seg som skriftspråk og får revidert, ny norm frå i år.

Utviklinga av både bokmål og nynorsk på 1800-talet var ein reaksjon etter fleire hundre år med dansk som einaste skriftspråk. Dansk var også grunnlaget for den såkalla danna daglegtalen. Hadde ein ikkje sett i gang desse tiltaka, ville nok utviklinga ha gått vidare i ei retning av ei sterkare ”fordansking” av dei norske talemåla. Eg vil tru at også Høgre-politikarar kan akseptere dette som eit historisk faktum. Samtidig er det også eit historisk faktum at dei konservative kreftene sette seg imot ei fornorsking av dansken. I motsetnad til det mange trur, handla det faktisk ikkje om bokmål versus nynorsk den gongen, men om dansk versus norsk.

Folstad understrekar at vi som regel forstår kvarandre godt uavhengig av kva for ein dialekt den enkelte snakkar. Det handlar om respekt for andre talemål enn sitt eige, og om vilje til å forstå andre. Dessverre er det slik at mange folk, spesielt frå Oslo, ofte har mindre respekt for andre talemål og mindre vilje til å prøve å forstå andre, med mindre andre normaliserer (”knotar”) for å gjere seg betre forstått.

Kommunikasjon går sjølvsagt minst to vegar. Men poenget er at det ikkje berre er talaren som bør tilpasse seg; også mottakaren har eit ansvar for å prøve å forstå. Dessverre skjer det ein del direkte og indirekte maktmisbruk når det gjeld både talemål og skriftspråk. Den som av ein eller annan grunn nektar å forstå den andre, vel å stengje ut den andre, med mindre den andre tilpassar seg, som  i praksis tyder å leggje om talemålet eller å velje ei anna målform.

Skolebasert opplæring i mangfald, t.d. dialektar og skriftspråk, bidreg til at vi alle er betre rusta til å møte det faktiske kulturelle og språklege mangfaldet som vi heldigvis har i vårt samfunn. Det bidreg også til at vi lettare kan sjå personar og individ og kva dei står for, i staden for å fokusere på utsjånad og språkform.

Det er historisk konsistent at dei konservative prøver å konservere og presse mest mogleg i same form, men i motsetnad til Folstad og Høgre generelt meiner eg at Stortingsmelding 35, 2007-2008 (”Mål og meining”) framleis er det beste språkpolitiske dokumentet vi har hatt, og at også Høgre-politikarar ville ha hatt godt av å bla litt i den meldinga innimellom.