Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Dialektar og skriving". Hamar Arbeiderblad, 21.01.2012, s. 40. [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til Marie Tangnes: Språk og dialekter, HA, 18.01.2012, s. 29  [pdf av innlegget].
Dialektar og skriving
 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

I samband med at ein har tenkt å gje ut ei bok på stangemål spør Marie Tangnes i HA 18.01. korleis ein skal kunne skrive på dialekt dersom ein ikkje kan skrive såkalla tjukk l.

Som språkvitar synest eg det er interessant å sjå korleis eitt målmerke kan vere så dominant og viktig i oppfatninga av ein dialekt. Tjukk l er jo ikkje eit særmerke berre for stangemål eller Hedmark eller Oppland. Tjukk l er utbreidd over heile Austlandet med ein avstikkar til Romsdalen og Nordmøre via Trøndelag og faktisk heilt opp til Salten i Nordland.

Vi har elles tjukk l av to ulike opphav. Ein har tjukk l av norrøn l i bestemte lydlege omgjevnader, t.d. i ”galen”, og ein har tjukk l av gammalnorsk rð, t.d. i ”garden”. Sjølv om tjukk l som lyd i norsk er mange hundre år gammal og ikkje finst i t.d. engelsk eller tysk – eller dansk, prøvde verken Knutsen eller Aasen å introdusere tjukk l som eigen bokstav i det norske alfabetet. Det har det heller ikkje vore nokon spesielt god grunn til. Dei som har tjukk l i dialekten sin, vil stort sett bruke den lyden på rett stad, og dei som ikkje har tjukk l, vil lese eller uttale orda på bakgrunn av det fonologiske systemet i sine respektive dialektar.

Når det har sagt, finst det fleire teikn som har blitt brukte for å markere tjukk l. Nokre bruker rett og slett ein stor L inne i ord, og i dialektordboka frå Stange brukte ein l, dvs. feit skrift. Men det finst òg to ”offisielle” teikn for tjukk l. Det eine er ein gjennomstroken l (ł) frå eit lydskriftalfabet som ein kallar for Norvegia, og det andre er ein ɽ, som er ein type r-lyd, som tjukk l fonetisk sett faktisk svarer til. Det siste teiknet er teke frå det internasjonale lydskriftalfabetet, IPA.

Det finst lange tradisjonar for å skrive på dialekt i Noreg. Som regel tek ein utgangspunkt i alfabetet som ein også bruker til å skrive standardmåla på. Marie Tangnes gjev sjølv eit døme på det når ho bøyer verbet ”ake/aka” og skriv ”je æk” i første person. Skrivemåten i nynorsk er her ”ek” fordi kort a blir til e, mens berre lang a (å) blir til æ. Dette er derimot ein konvensjon som byggjer på språkhistorie i større grad enn faktisk uttale. Dei som bøyer ”ake” som eit sterkt verb, vil utan problem kunne lese/uttale første person som ”æk”, sjølv om ein eventuelt skriv ”ek”. Eg som pratar nordlending, kan også godt lese ”æg” i staden for t.d. ”eg”, der ein Hedmarking vil kunne lese ”je” i staden for ”jeg” – som det jo faktisk er ingen i heile Noreg som seier – jeg med g, altså.

Dei fleste av dei som ikkje har tjukk l av gammalnorsk rð, les/uttaler heller ikkje gard med d. Den ”moderne” skrivemåten med d er også først og fremst historisk motivert. Mange av dei såkalla stumme konsonantane i norsk gjer det faktisk lettare å lese ein tekst. Ord som ”ti” eller ”gar” er lettare å skjønne dersom ein ser ”tid” og ”gard” på trykk. På den andre sida er ikkje skriftspråka konsekvente heller sidan ein i dag bl.a. skriv ”li” og ”leie” istf. ”hlíð” eller ”leiða”.

Dei offisielle skriftspråka våre byggjer på tradisjonar, konvensjonar og kompromiss. På same måte vil ein kunne konstruere relativt konsistente skrivemåtar for ulike dialektar. Sidan vi først og fremst har lært å lese dei offisielle skriftspråka, vil ein måtte venne seg til å lese ein tekst på dialekt. Men dersom ein sjølv snakkar dialekten som ein tekst er skriven på, vil det nok gå relativt lett etter kvart – og bøker skrivne på dialekt har nok først og fremst ”sine eigne” som målgruppe. Som eit ledd i styrkinga og bevaringa av dialektane i Noreg er det gode tiltak, som bør støttast av alle dialektinteresserte.