Julekveldsvisa, suksess på dialekt
JENS
HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
Mange kallar Julekveldsvisa ofte
berre «Nå har vi vaska golvet». På Google får ein
ca. 6000 treff på «Nå har vi vaska golvet og vi har
børi ved». Men det heiter då ikkje «vaska»! Søkjer
ein på «vaske», får ein ca. 8000 treff. Det er altså
rimeleg jamt fordelt mellom desse to variantane.
Korfor
er det så mange som trur at det heiter «nå har vi vaska golvet»?
Grunnen er nok at dei aller fleste dialektane i Noreg faktisk har
«vaska» som bøyingsform, som også er felles for bokmål og nynorsk.
Det er på den måten ei samlande ordform. Dette er kanskje ei av
«hemmelegheitene» bak suksessen til Julekveldsvisa. Nettopp fordi
denne visa er skriven på dialekt, kan dei fleste kjenne seg igjen i
språket.
På
nynorsk kan ein inntil vidare skrive både «bori» og «brunni». Mange
dialektar har «børi» og «brønni». Desse formene vil nok kunne
oppfattast som spesielle dialektformer av folk som identifiserer seg
med såkalla standard bokmålsbasert austnorsk. På bokmål kan ein
berre skrive «båret» og «brent». Men for nokon med nynorsk som
referanse, er desse dialektformene absolutt akseptable og lite
eksotiske. Også «fortælja» vil mange her på Austlandet sjå på som ei
typisk dialektform – knytt til ein dialekt utan særleg mykje status,
trur ein gjerne. Men «fortelja» er også heilt kurant nynorsk, og ein
god representant for det folkelege i Julekveldsvisa.
Dialektane i Hedmark og Oppland passar gjerne i større eller mindre
grad med både bokmål og nynorsk. Det er synd at mange vel å ta eit
relativt sterkt standpunkt mot nynorsk som sitt skriftspråk og sin
språklege identitet. Når Julekveldsvisa er skriven på dialekt, ei
språkform som verken er offisielt bokmål eller nynorsk, er
Julekveldsvisa nøytral og språkpolitisk «ufarleg». Alle kan
akseptere, like og kanskje elske Julekveldsvisa. Julekveldsvisa
passar alle slik ho er.
Julekveldsvisa ser ut til å ha kraft til å samle folk og lage bru –
imellom seg og himmelen – vi er like, eg og du. Du seier «je», og eg
seier «æ», men det spelar inga rolle; Julekveldsvisa er like stor.
GOD JULekveldsvise! |