Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Vant med vott". Hamar Arbeiderblad, 26.11.2011, s. 31. [>pdf av denne artikkelen]
Kommentar til Sverre Frilseth: "God dag!". Hamar Arbeiderblad, 18.11.2011, s. 5. [>pdf]
Vant med vott

Sverre Frilseth hadde eit fint kåseri om ord og omgrep i HA 18. november s. 5 der han undra seg litt generelt over ulike namn vi har på ting og tang. No skal det jo vere ein litt uhøgtideleg stil på tekstane i denne spalta, men som språkvitar kjenner eg igjen visse oppfatningar om språk, t.d. når Frilseth spør korfor noko heiter det eller det, og at han samtidig reknar med at det finst ei eller anna «logisk» forklaring.

Språkvitaren Ferdinand de Saussure sa at forholdet mellom ein ting og namnet på tingen er «arbitrært», dvs. tilfeldig. Vi kan i utgangspunktet sjølv bestemme kva vi vil kalle ein ting; og det var jo litt av poenget med funderingane til Frilseth. Det er som regel ikkje nokon direkte samanheng mellom tingen eller omgrepet og namnet på tingen eller omgrepet. Sjølv om vi har visse førestillingar om korleis ein gris ser ut, kan vi ikkje utan vidare seie at dyret gris passar til namnet, eller at namnet passar til grisen. Vi har elles også svin, råne, galte, purke, sugge og diverse andre namn. Dessutan har grisen heilt andre namn på andre språk.

No vil nokon kanskje seie at lydhermande ord, såkalla onomatopoetikon, er ord som har ei logisk eller naturleg forklaring; dei prøver jo trass alt å herme etter lydar som finst. Men samtidig kan ein også leggje merke til at grisen i så fall må kunne seiast å snakke ulike nasjonalspråk, sidan han t.d. seier «nøff» på norsk, «oink» på engelsk og «grunz» på tysk.

Men når ein har eit etablert ordtilfang frå før, vil det jo gjerne vere «naturlege» grunnar til at ein bruker det eine eller det andre namnet på ein ny ting. Grunnen til at datamusa heiter mus er at den på ein eller annan måte liknar på ei «ekte» mus; og då er det uinteressant kvar musa sjølv fekk namnet sitt frå.

Sverre Frilseth skreiv elles at han fann ordet «vott» veldig merkeleg. Den «logiske» forklaringa til dette ordet er at det i utgangspunktet er det same ordet som «vante». Men då er vi jo like langt.

Det gamle germanske ordet *wantu- fekk u-omlyd der a blei til «o med kvist» og nt blei assimilert til tt i gammalnorsk. Dermed fekk ein vott i norsk. Seinare lånte ein inn igjen forma utan omlyd og assimilasjon, og dermed kunne ein setje namn på to ulike typar «hanskar». Den same «skjebnen» hadde forresten ordet *swampu-, som vi har som svamp, sump og sopp med ulikt tydingsinnhald i moderne norsk. Ordet for vott og vante finn ein elles igjen i tysk Gewand, som er namnet på ei heil drakt eller kledning (kroppsvott?).

Korleis ein no snur og vender på votten er opphavet til namnet orda «vinde» og «vende» med bl.a. tydinga «veve» og «dreie» (t.d. strikke). Dette er noko vi skjønner. Kan vi bøye winden – wand – gewunden på tysk, skjønner vi enda meir. Og, ja, det var visst ei logisk forklaring bak namnet vott. Men kven i holebjørnens klan var det som fann på namnet «vinde»???