Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Hei, Derrick". Hamar Arbeiderblad, 22.11.2011, s. 31. [>pdf av denne artikkelen]
Kommentar til Erling Andersen: "NRK og oversettelser". Hamar Arbeiderblad, 11.11.2011, s. 29. [>pdf]
Hei, Derrick

Erling Andersen kritiserer i HA 11.11. ein del av omsetjingane i ulike TV-seriar på NRK. Å omsetje tekstar frå eitt språk til eit anna er ikkje alltid like lett, sjølv om ein kjenner orda og tydingane på begge språka.

Eitt viktig spørsmål er bl.a. kva som er funksjonen til omsetjinga, og kven som er målgruppa for den omsette teksten. I språkundervisninga på skolen er det som regel mest fokus på å omsetje ord for ord, og det gjeld som oftast å vise at ein forstår kvart enkelt ord i teksten på det fremmende språket. Ein har altså gjerne eit ”gloseprøveperspektiv” på den omsette teksten.

Erling Andersen viser tydeleg at han er klar over at det kan vere ein forskjell mellom det leksikalske innhaldet i eit ord og ulike meiningar eller bruksmåtar av det same ordet. Samtidig kommenterer Andersen at NRK konsekvent omsett tysk ”Sie” i Derrick til norsk ”du”, i staden for å bruke ”De”, som Andersen kallar for høgleg tiltale.

No er det ikkje så lett å tolke Andersen sitt innlegg i forhold til om han meiner bruken av ”du” faktisk er ei betre løysing, og at konklusjonen er at NRK derfor også burde ha omsett engelsk ”footman” til norsk ”tenar” istf. ”lakei”. Men eg tolkar det slik at Andersen kritiserer NRK for å gjere eit dårleg val også når det gjeld å omsetje tysk ”Sie” til ”du” på norsk.

Her er spørsmålet om ein ønskjer at omsetjinga av Derrick skal dokumentere spesielle forhold ved det tyske språket og den tyske kulturen, eller om omsetjinga skal fungere for ein norsk lesar (TV-sjåar).

Det er nok svært sannsynleg at dei fleste som ser eller har sett på Derrick, er litt eldre, og at dei kanskje er meir vant til ei tid då ”De” var vanleg som høfleg tiltale i norsk. Men på dei fleste norske arbeidsplassane vil ein i dagens samfunn nok rett og slett ikkje kunne bruke den høflege tiltalen ”De” på kollegaer eller også overordna i det heile. Det ville nok vere svært markert eller unaturleg. I den tyske språkkulturen er dette derimot heilt vanleg og delvis meir eller mindre ”påbode”. Ei god omsetjing som skal fungere i ein norsk kontekst, bør derfor faktisk ikkje bruke ”De” i slike samanhengar – på same måte som det ville vere heilt meiningslaust å omsetje den sørtyske helsinga ”Grüß Gott” til ”Hels Gud” på norsk. Som regel vil det faktisk passe best med eit enkelt ”hei”.