Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Jens Haugen og Jens Haugan". Hamar Arbeiderblad, 03.11.2011, s. 29. [>pdf av denne artikkelen]
Jens Haugen og Jens Haugan

________________________________________
 

Er det no så nøye med rettskriving og namn? Etter at Hamar Arbeiderblad ved fleire høve har skrive at Jens Haugen anten spelar gitar eller arrangerer fag- og debattmøte i Hamar Mållag, meiner eg det er grunn til å seie ifrå. Jens Haugen og Jens Haugan er begge relativt profilerte personar på kvar sine fagfelt. Dette burde også journalistane i HA ha fått med seg.

Jens Haugen er Fotografen med stor F, mens Jens Haugan er språkets riddar og målmannen, som lokalpressa har døypt han. Vi driv elles også begge med musikk på hobbybasis. Jens Haugen spelar piano, mens Jens Haugan først og fremst spelar gitar og gjerne også syng sine eigne songar. Det kan hende at vi kan vere litt snarlike kvarandre i utsjånad, sjølv om det er ein viss aldersforskjell mellom oss, men vi prøver altså å profilere oss på kvar våre område, og ingen av oss er tente med at namna våre blir blanda saman når det gjeld offentlege arrangement. Jens Haugen har neppe lyst til å bli assosiert med grammatikk og nynorsk, og eg føreles nok helst om språk i staden for om fototeknikk.

Det er forskjell mellom Anne Holt og Anna Holt, og Jens Haugen og Jens Haugan er to forskjellige personar som tilfeldigvis bur på Hamar. Det hender at eg får brev til fornamnebroren min i postkassa mi, så det handlar visst ikkje berre om problem med skriving her. Men journalistar som skal vere godt orienterte om hendingar og personar i lokalmiljøet, bør ikkje ha nokon grunn til å blande oss saman.

Jens HaugAn