Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Språkets kjemi - magisk og logisk". Hamar Arbeiderblad, 27.09.2011, s. 24. [>pdf av denne artikkelen]
Språkets kjemi - magisk og logisk

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Hovudtemaet for Forskingsdagane i år er kjemi, og slagordet for denne forskingsfestivalen er ”magisk og logisk”. Eg er sjølv språkvitar, men eg har ikkje noko problem med å finne eit perspektiv på temaet ut ifrå mitt fag.

Ifjølgje Wikipedia kan ein seie at ”Kjemi er vitenskapen om stoffenes egenskaper, sammensetting og reaksjoner.” Tilsvarande vil ein kunne seie at språkvitskap er vitskapen om lydanes og ordas eigenskapar, samansetjing og reaksjonar.

Grunnstoffa i delar av språkvitskapen er lydane eller helst fonema. Ifølgje Wikipedia er eit grunnstoff ”et stoff som ved konvensjonelle kjemiske metoder ikke kan adskilles i flere stoffer.” Eit fonem definerer vi i språkvitskapen som den minste lydeininga som kan skilje tydinga til eit ord. Dersom vi t.d. byter ut l-en i ”lat” med m, får vi ordet ”mat”, dvs. eit heilt nytt ord. L og m er då lydar som vi kallar fonem, dei har ei ”magisk” kraft til å endre tydinga til ord.

Vi kan sjå på eigenskapane til lydane, på deira samansetjing, og vi kan sjå på korleis dei reagerer med kvarandre. Set vi t.d. ein g saman med ein å, går vi ordet ”gå”, og g-en oppfører seg heilt ”normalt”. Men set vi g-en saman med ein i, får vi ein reaksjon, og ordet gi blir uttalt med ein j-lyd i staden for med ein g-lyd, dvs. ”gi”. Det er nesten som å få eit kjemisk stoff til oksidere når det blir utsett for luft (oksygen), mens det ikkje nødvendigvis reagerer med andre stoff. Denne typen oppførsel kan verke magisk så lenge ein berre observerer reaksjonen utan å forstå den. Men den blir fort logisk når ein avdekkar mekanismane bak reaksjonen.

På same måte som ein i kjemien har kart over grunnstoffa, har vi i språkvitskapen kart over fonema, altså lydinventaret, i eit språk. Det som er forskjellig frå kjemien, er at vi ikkje berre har eitt fonemkart. Det finst tusenvis av ulike språk i verda, og det finst mange ulike fonem i dei ulike språka. Ein tyskar vil t.d. ikkje nødvendigvis kunne skilje orda ”tyst” og ”tust” fordi y ikkje er eit fonem i tysk, mens det altså er eit fonem i norsk. Og så er det vitsane vi alle har høyrt om kinesarar som ikkje kan uttale r, og som kanskje heller ikkje høyrer forskjellen mellom lydane i ”lalt” og ”rart”. Lydane l og r blir ikkje brukte til å skilje mellom ulike ord i kinesisk, og dermed er dei ikkje fonem.

Vi kan likevel ha fleire lydar i eit språk enn fonem. Vi har t.d. både rulle-r og skarre-r i norsk. Men dei er ikkje ulike fonem i norsk, dei er variantar av det same fonemet, såkalla allofonar. Ordet ”rart” tyder akkurat det same uttalt med rulle-r som med skarre-r. På den andre sida har vi også fonem i nokre norske dialektar som vi ikkje har i andre. Såkalla tjukk l kan i norsk ha to ulike opphav. Det kan komme av gammalnorsk l eller av gammalnorsk rð. Mens dei som ikkje har tjukk l, ikkje uttaler orda ”bor” og ”bord” forskjellig, vil andre ha ein tjukk l i ”bord”. Denne lyden skil desse orda, og han får dermed status som fonem. Dei med tjukk l av både l og rð, vil derimot ikkje skilje mellom ”bol” og ”bord” – magisk og logisk.

Går ein på ordnivå, er byggjesteinane såkalla morfem i staden for fonem. Morfem er lyd- eller bokstavkombinasjonar som det er knytt ei meining til. I nokre tilfelle er denne meininga meir konkret, og i andre tilfelle meir abstrakt eller grammatisk. Akkurat som i kjemien der grunnstoffa kan gå inn i nye samband som igjen kan reagere med andre stoff og gå inn i nye former, kan ein sjå at lydane dannar ord, og at ordbitar kan koplast saman med andre ordbitar. Dersom eg t.d. tek ordet ”ord” og set det saman med ”bit”, har eg ikkje lenger eit ord, men ein bit, altså ”ordbit”. Det er den siste delen i samansetjinga som bestemmer hovudtydinga og kva slags ord ein faktisk får. Set eg ”ord” saman med ”blind”, har eg ikkje lenger eit substantiv, men eit adjektiv. Igjen ser vi at det er den siste delen som bestemmer kva slags ord vi har med å gjere. Legg eg til ”-heit”, får vi ”ordblindheit”, og vi har igjen fått eit substantiv. Legg eg derimot til ein –a, endrar eg berre forma til dette ordet. Det er framleis eit substantiv, men no står det i bestemt form – magisk og logisk.

Språk er magisk og logisk. Er språk magisk og logisk? På setningsnivå kan eg observere at setninga kan endre meining ved at eg endrar på rekkjefølgja til orda. Den første setninga er ein påstand, den andre er eit spørsmål. Min påstand er at språk er magisk og logisk.