|
Den europeiske språkdagen - 10 år JENS
HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
Den 26. september er det ti år sidan Den europeiske
språkdagen blei oppretta av Europarådet.
I ein europeisk kontekst er det naturleg å fokusere på
fremmendspråk. Det å lære meir om språket og kulturen til landa i
Europa er eit viktig grep for å sikre toleranse og demokrati. I
Noreg lærer elevane engelsk som fremmendspråk, og som regel også
minst eitt fremmendspråk til.
I pressemeldinga frå Europarådet 2009 siterer ein Europarådets
koordinator for interkulturell dialog: ”Høvet til å snakke med andre
menneske på deira eige språk bryt ned språklege og kulturelle
barrierar. Gjennom språkopplæring aukar vi medvitet om andre
kulturar, og det kan òg hjelpe oss å ta eit skritt tilbake og sjå
vår eigen kultur i eit nytt lys.”
Målet med markeringa av Språkdagen er bl.a.:
”å vise allmenta verdien av å lære språk og å bidra til
fleirspråklegheit i samfunnet, å auke medvitet om det språklege
og kulturelle mangfaldet i Europa, å motivere europeiske
innbyggjarar til å lære fleire språk, å informere om språklæring, å
støtte opp om og oppmuntre til livslang læring av språk, å
synleggjere moglegheitene som ligg i fleirspråklegheit, å bidra til
mobilitet i Europa”.
Nordmenn flest er svært språkkunnige. Dei fleste av oss snakkar
rimeleg godt engelsk, bl.a. fordi engelskspråklege filmar og musikk
dominerer i radio og TV. I tillegg kan mange også anten litt tysk,
fransk eller spansk, eller eventuelt andre språk som ein har lært på
skolen eller i andre samanhengar. Nordmenn flest oppfyller altså
Europarådets ambisjon om at alle skal ha litt kunnskapar om minst to
fremmende språk. Tradisjonelt har vi også vore flinke til å forstå
nabospråka våre, dvs. svensk og dansk. På den måten kan ein seie at
vi er flinke her oppe i nord til å oppfylle Europarådets visjon om
fleirspråklegheit.
Når ein byrjar å sjå litt nærmare på dette idealistiske biletet, er
situasjonen kanskje likevel ikkje så mykje å skryte av. Påverknaden
gjennom angloamerikansk språk og kultur etter krigen har vore så
stor at mange er redde for at norsk faktisk kan forsvinne som språk.
Det finst òg dei som meiner det hadde vore greitt om alle berre
snakka engelsk. Unge i dag er dårlegare til å skjønne svensk og
dansk, og det er lett å ty til engelsk som hjelpespråk. Når det er
sagt, så er svenskane og danskane ofte enda dårlege til å skjønne
oss enn omvendt. Dei nordiske landa har sett i gang tiltak for å
betre situasjonen, slik at nordmenn, svenskar og danskar lettare
skal kunne bruke morsmålet sitt når dei kommuniserer.
Sjølv om mange nordmenn forstår svenskar og danskar dårlegare i dag
enn før, har dei norske dialektane fått ein heilt annan status sidan
1970-talet. I dag kan ein stort sett bruke sin eigen dialekt i alle
samanhengar, offentleg og privat. Men norske dialektar kan nokre
gonger faktisk vere meir forskjellig innbyrdes enn norsk og dansk
eller svensk. Likevel går det stort sett bra, og det har bl.a. med
haldningar å gjere. Når ein veit at den andre faktisk snakkar ein
norsk dialekt, trur ein jo gjerne at ein burde skjønne kva den andre
seier. Identifiserer ein språket til den andre som svensk eller
dansk, kan ein tru at ein ikkje skjønner den andre fordi han snakkar
eit ”fremmendspråk”. Då prøver ein kanskje heller ikkje eingong å
forstå. Det at ein ikkje forstår den andre, handlar nokre gonger
ikkje om språklege og kulturelle barrierar, men om barrierar i
hovudet til den enkelte.
Som Europarådets koordinator sa: ”Gjennom språkopplæring aukar vi
medvitet om andre kulturar, og det kan òg hjelpe oss å ta eit skritt
tilbake og sjå vår eigen kultur i eit nytt lys.” I Noreg lærer ein
ikkje berre engelsk og eit anna fremmendspråk, ein lærer også to
norske skriftspråk på skolen, bokmål og nynorsk (nokon lærer også
samisk eller eit anna morsmål). Mange elevar som har bokmål som
hovudmål, påstår at dei ikkje skjønner nynorsk. Dei klassifiserer
nynorsk nærmast som eit fremmendspråk. Merkeleg nok lærer dei fleste
engelsk på skolen heilt ifrå første klasse, mens dei ikkje får lære
nynorsk før åtte-ni år seinare. Og etter fem-seks år med nynorsk på
skolen er det framleis svært mange som påstår at dei ikkje kan
nynorsk.
Mange nynorskmotstandarar meiner nynorsk er vestnorsk og har
ingenting med austnorsk (bokmål) å gjere. Dei meiner det er greitt å
lære engelsk, mens det er ”bortkasta” å lære nynorsk. I den eine
augneblinken er nynorsk uforståeleg, i den andre augneblinken er det
så likt at ingen skjønner vitsen med å ha to skriftspråk. Begge
argumenta kan gjerne brukast om kvarandre av dei same personane.
Kampen mellom dei to målformene har føregått i rundt 150 år i Noreg,
og den har til tider vore svært bitter.
Den europeiske språkdagen kan vere eit høve til å reflektere over
sitt eige språk og sin eigen kultur. Korleis skal ein kunne bevare
fred i Europa og verda når ein ikkje klarer å ha språkleg toleranse
i sitt eige land eingong? Noreg er eit fleirspråkleg land på mange
måtar og har vore det i lang tid. Er ikkje det veldig fint i
grunnen? |