Bokmål som einaste skriftspråk?
JENS
HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
Sjølv om Høgre sin ordførarkandidat Pål-Jan Stokke i
HA 16. august vel å avslutte diskusjonen om valfritt
sidemål med meg, må eg nok likevel kommentere
sluttinnlegget hans. Stokke forsvarer sin ståstad
som politikar, og eg forsvarer min ståstad som
norsklærar og lærarutdannar, men også som ein
representant for den truga arten ”nynorskbrukar”.
Det kan høyrast fint ut i politiske talar med valfritt sidemål og at
elevane skal konsentrere seg om eitt skriftspråk, og at alt skal bli
så mykje betre i framtida. Men det merkelege i argumentasjonen ifrå
nynorskmotstandarane si side er at dei legg så mykje vekt på
valfridom. Elevane (dvs. for det meste foreldra) skal få velje sjølv
kva målform dei vil ha som hovudmål. Dette prinsippet er det
vanskeleg å vere ueinig i. Men konsekvensen av dette er faktisk
mindre valfridom.
Ein nynorskbrukar kan i praksis ikkje velje å ikkje lære seg bokmål.
Ein nynorskbrukar kan t.d. ikkje få jobb som journalist i Hamar
Arbeiderblad. Samfunnet elles er òg dominert av bokmål.
Nynorskmotstandarane bruker jo gjerne tal og statistikkar for å
fortelje oss kva fleirtalet meiner. For dei som anten av geografiske
eller av personlege grunnar vel å skrive nynorsk, blir det stadig
vanskelegare å stå imot dette fleirtalet som motarbeider ikkje berre
sidemålet, men også nynorsk som hovudmål. Det er stadig nye foreldre
i nynorskkommunar som krev at barneskolen skal skifte hovudmål,
fordi dei trur ungane er tente med det. Og dei aller fleste meiner
nok òg at ein burde kvitte seg heilt med sidemålet, som då i praksis
er nynorsk.
Når sidemålet, dvs. nynorsk, blir valfritt i skolen, vil det vere
stadig fleire som verken har kompetanse eller motivasjon til faktisk
å velje nynorsk som bruksspråk seinare i livet. Det vil også vere
stadig færre bruksområde der det vil vere ”akseptert” å bruke
nynorsk. Valfridommen blir altså tydeleg innskrenka. Samtidig må
elevane i nynorskkommunane framleis lære seg bokmål. Dette er ikkje
er eit problem i seg sjølv. Men det fører til at desse elevane
framleis må forhalde seg til to skriftspråk, mens elevar i
bokmålskommunar då i praksis slepp dette. Konsekvensen på sikt er at
nynorsken mistar terreng og brukarar og blir enda meir marginalisert.
Stokke meiner at dette er den historiske utviklinga, men spørsmålet
er kva slags krefter som ligg bak.
Det er på tide at Høgre og FrP kallar ein spade for ein spade, og at
ein seier tydeleg at ein vil ha eitt skriftspråk i Noreg, i staden
for å prøve å førespegle oss valfridom. Stokke skriv indirekte og
direkte at omverda ikkje forstår nynorsk, og at nynorsk ikkje er
nyttig eller viktig. Nynorskbrukarane rir ”baklengs inn i framtida”.
Skriv dette svart på kvitt i partiprogramma og presenter dette i
nynorskkommunane som har halde stand til no. Så blir det kanskje
litt fleire som skjønner kva for eit demokratisyn som skjuler seg
bak denne politikken. |