Stokkes skolepolitikk
JENS
HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
Pål-Jan Stokke kommenterte 8. juli innlegget mitt
(2. juli) der eg kritiserte det som etter mi meining
var ein litt vel lettvint omgang med fordelinga av
timane i skolen. Stokke føreslo at ein i staden for
sidemålsundervisning t.d. heller kunne ha ekstra
undervisning i fremmendspråk. Eg peika då på at det
kunne sjå ut som om Stokke visste lite om skolen,
dersom han meinte at ein kunne overføre timar brukt
til undervisning i sidemål i norskfaget til
fremmendspråk. Det ser ikkje ut til at Stokke er
villig til å sjå dette poenget, sidan han
opprettheld forslaget sitt også 8. juli.
Konklusjonen min blir derfor også den same: det
verkar ikkje som om Stokke har eit realistisk syn på
timefordelinga i skolen, og dermed stiller eg meg
skeptisk til at ein slik politikar vil kunne utforme
ein god skolepolitikk.
Men det som kanskje er litt ”verre”, er at Stokke – for så vidt i
god politikarstil – vrir på det eg skreiv, slik at det får ei heilt
anna meining. Stokke påstår eg meiner at ”undervisning i sidemål
nærmest er en forutsetning for at elever skal beherske sitt hovedmål”.
Det er derimot ikkje det eg skreiv i mitt svar til han.
Eg skreiv at det kunne vere ein idé å prøve å reflektere litt over
at dei elevane som er gode i sidemålet, gjerne også er gode i
hovudmålet sitt, og at å jobbe med sidemålsgrammatikk kunne vere
velbrukt tid, fordi ein då samtidig også måtte samanlikne med
grammatikken i hovudmålet. Poenget mitt var at mange lærarar
reduserer grammatikkundervisninga og/eller sidemålsundervisninga til
eit minimum fordi dei sjølve ikkje meistrar grammatikken eller
sidemålet godt nok. I staden bruker dei timane på litteratur eller
andre ting som det er lettare å prate om framfor ein klasse. Å kunne
velje bort sidemålsundervisninga ville dermed kunne innebere at
mange lærarar kan bli freista til å ”velje” å undervise enda mindre
i norsk grammatikk. Undervisning i sidemålet vil potensielt sett
styrke grammatikkforståinga i hovudmålet. Det same gjeld
undervisning i fremmendspråk. Dess meir ein arbeider med språk, dess
betre blir ein i språk. Dess meir ein lærer, dess klokare blir ein,
Så lenge Stokke eller andre politikarar ikkje kjem med meir konkrete
forslag enn å fjerne pensum frå skolen for å komme fram til
”kunnskap, krav og kvalitet”, meiner eg dette er rein retorikk.
Politikarane veit at dei fleste elevane ikkje er særleg glade i
sidemålsundervisninga, og at det finst mange som er generelt imot
nynorsk. Høgre og FrP satsar på at ein kan fiske stemmer ved at
nokon får det litt meir lettvint i framtida.
Etter mi meining er Stortingsmelding 35, 2007-2008, ”Mål og meining.
Ein heilskapleg norsk språkpolitikk” framleis eit godt og
gjennomtenkt strategidokument som er prega av at språksituasjonen er
litt meir nyansert enn at ein berre kan bestemme seg for ӌ ta
farvel”. Høgre og FrP vil ta farvel med ein del verdiar som framleis
er viktige for nokon.
Sidemålsundervisninga er meir enn berre grammatikk. Det er også
undervisning i språkleg mangfald i Noreg. Det kan godt hende at ein
bør endre innhaldet i sidemålsundervisninga. Men det er kanskje
andre politikarar som må tenkje innhald og form, så lenge Høgre og
FrP berre snakkar om å ta farvel med kunnskap, krav og kvalitet. |