Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Høgres skolepolitikk". Hamar Arbeiderblad, 02.07.2011, s. 35. [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til Pål-Jan Stokke: På tide å ta farvel, HA, 27.06.2011, s.  [pdf av innlegget].
Høgres skolepolitikk
 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Ordførarkandidat Pål-Jan Stokke lover i HA 27. juni ”kunnskap, krav og kvalitet i grunnskolen”, og for å oppnå dette vil han gjere alt han kan, for å få fjerna obligatorisk undervisning i sidemål. Han kjem fram til dette gjennom den ”logiske slutninga” at å bruke mange timar på å lære sidemålet er bortkasta tid, som ein kunne ha brukt betre. Han skriv at ein anten kunne bruke ekstra tid på undervisning i hovudmålet eller til fremmendspråk som tysk, fransk eller kinesisk.

No skriv Stokke sjølv at det ikkje er lokalpolitikarane som avgjer dette spørsmålet. Men sjølv om ein er lokalpolitikar, bør vel veljarane kunne vente meir enn denne typen valflesk, som i større grad spelar på antipatien mot nynorsk og at ein trur ein ville kunne fiske stemmer ved skoleval med slike løfte, enn at ein er oppriktig interessert i ein betre skole.

Hadde Stokke verkeleg vore så oppteken av skolepolitikk og ein god grunnskole, hadde han neppe skrive at ein kunne ta timane frå sidemålsundervisninga og bruke dei på fremmendspråk i staden. Det er nok lite aktuelt å ta timar frå norskfaget for å overføre dei til fremmendspråk. Ved å komme med slike påstandar får oppgåande veljarar nok heller eit inntrykk av at Stokke ikkje har peiling på skolen i det heile. Ein bør nok vere skeptisk overfor slike ”skolepolitikarar”.

Å betre undervisninga i hovudmålet er derimot ein god idé. Det er berre synd at Stokke og mange andre ser for seg at ein føresetnad for dette er å fjerne undervisning i sidemålet. For det første bør Stokke og andre prøve å finne ut kor mange timar ein faktisk bruker på sidemålsundervisning i skolen. Dette varierer nok svært mykje frå skole til skole og frå lærar til lærar. For det andre kunne ein prøve å reflektere litt over at dei elevane som er gode i sidemålet, faktisk også er gode i hovudmålet sitt. Kanskje det finst ein samanheng der? Og kanskje denne samanhengen er gode lærarar med gode grammatikk-kunnskapar som fører til god grammatikkundervisning?

Vi er mange som ønskjer oss ein betre skole, og det finst mange vegar til målet. Men å fjerne sidemålsundervisninga fordi ein trur at skolen blir betre av dette, er lettvint politikarretorikk. Vil du bli betre til å skrive, må du ha kunnskapar om grammatikk. Å jobbe med sidemålsgrammatikk er i denne samanhengen velbrukt tid, fordi ein samtidig også må samanlikne med grammatikken i hovudmålet. Mange lærarar reduserer grammatikkundervisninga og/eller sidemålsundervisninga til eit minimum fordi dei sjølve ikkje meistrar grammatikken eller sidemålet godt nok. I staden bruker dei timane på litteratur eller andre ting som det er lettare å prate om framfor ein klasse.

Ein god lærar treng faktisk ikkje nødvendigvis å setje av eigne timar til grammatikk. Grammatikk kan integrerast i all undervisning og kommenterast og reflekterast over i alle samanhengar i norskfaget og i andre fag. Når Stokke lover ”kunnskap, krav og kvalitet” i skolen, bør han stille krav om kunnskap og kvalitet til lærarane og satse på god undervisning. Å fjerne obligatorisk sidemålsundervisning åleine endrar ikkje noko særleg anna enn at dei fleste vil bli enda dårlegare i grammatikk.

Det er sikkert mange der ute som finn ein grunn til å stemme på Høgre til hausten, men skolepolitikken sin bør nok Stokke prøve å selje på ein betre måte før den kan leggjast med på vektskåla.