Sidemålsstilen - Open debatt i lukka
forum
JENS
HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
19. mai, den same dagen som eg
sjølv snakka om haldningane til nynorsk på ein
internasjonal konferanse, orienterer Bjørn Kristen
Ørbæk om at han arrangerer ein ”open” debatt om
sidemålsstilen. Den ”opne” debatten han har ført i
avisene så langt, har jo gått ut på at han gjentek
og reproduserer i det uendelege kva han meiner, mens
han konsekvent unngår å delta i ein reell debatt der
han faktisk svarer på innspel og motargument.
Når
hovudmålet er å fremme sine eigne meiningar og sin eigen politikk,
er det for så vidt heilt legitimt og ofte ein grei taktikk å unngå å
innlate seg på diskusjonar med nokon som har gode motargument. Når
poenget elles er å prøve å organisere ei større gruppe av
meiningsfellar, er det nok også ei grei løysing å setje saman eit
”debattpanel” med folk som representerer dei same meiningane.
Ørbæk
sjølv representerer Norsk språkforening, som vil ha bokmål som
einaste offisielle skriftspråk i Noreg. Han har invitert Finn-Erik
Vinje, som også motarbeider nynorsken. I tillegg er Einar Smørdal
invitert, representant for det politiske partiet ”Ett (skrift)språk”,
som vil fjerne nynorsk frå skolen og offentleg sektor. Så her blir
ein nok veldig fort einig seg imellom i alle fall.
Men så
har ein jo også invitert representantar frå fylkestingets åtte
politiske parti. Det går ikkje fram av pressemeldinga om nokon av
desse faktisk har sagt seg villige til å stille opp på denne
”debatten”, og det er heller ikkje særleg sannsynleg at det finst
mange blant desse som har noko klart standpunkt. Så det blir neppe
snakk om å ”forsvare” sine meiningar på dette møtet. Ørbæk har elles
også sendt ut invitasjonar til skolane. Nokre elevar og lærarar vil
kanskje komme for å få stadfesta at fleire andre også er imot
nynorsk. Så dette kan jo bli eit fint og koseleg ”klubbmøte”.
Eg
personleg er ikkje så veldig interessert i sjølve sidemålsstilen. I
motsetning til Ørbæk ser eg ikkje på denne stilen som tvang eller
noko ”privilegium”. Det er ei prøve som testar at ein har tileigna
seg visse kunnskapar. Ein kan t.d. også få skriftlege spørsmål om
islam i samband med RLE-faget utan at dette tyder at ein ønskjer å
omvende nokon eller tvinge ein annan religion på elevane. Å lære om
Islam og andre religionar, som er fleire emne innanfor RLE-faget,
har å gjere med at vi skal vite noko om naboane våre, både her i
landet, i Europa og i verda. Det handlar om å lære om mangfald og
utvikling av haldningar og respekt for andre menneske, meiningar og
kulturar. I ein større samanheng handlar dette om å jobbe for
toleranse og fred i verda. Ørbæk m.fl. ser nok ikkje dette aspektet
der dei prøver å motarbeide nynorsk språk og kultur.
Det
heile blir fordekt gjennom å referere til samfunnets behov og at
nynorsk i skolen øydelegg for at elevane kan lære seg
majoritetsspråket bokmål godt nok. Sjølvsagt har ein ingen faglege
argument. Når mange av studentane mine fortel at dei har hatt
minimalt med nynorsk i skolen, vitnar det ikkje akkurat om at
nynorsktimane har stole tid frå ”viktigare” emne i norskfaget. Det
som derimot er dokumentert, er at dei som har hatt nynorsk som
hovudmål, som regel er betre i norsk grammatikk. Men eg skal ikkje
”plage” Ørbæk med enda fleire faglege argument frå sjølve
norskfaget. Eg ønskjer heller å setje ting i perspektiv og litt på
spissen, og her reknar eg med (og håpar) at også ”kollega” Steffenak
kjem på banen, som er den som er ”best” på historie og samfunnsfag
på denne arenaen.
For meg
handlar det som sagt ikkje om å redde sidemålsstilen. For meg
personleg spelar det heller ikkje noka rolle kva målform folk
bruker. Eg har ingen intensjon om å omvende nokon eller tvinge noko
på nokon. Når Ørbæk snakkar om tvang og om så og så mange prosent
som føler seg plaga og trakassert av nynorskens rolle, er eg mest
interessert i retorikken og den politiske propagandaen som blir
brukt. På kva måte skil dette seg eigentleg frå den offentlege
meiningsdanninga på 20-/30-talet? Ørbæk er ikkje imot nynorsk, seier
han gong på gong. Nei, ein var ikkje imot jødar, men ein motarbeidde
systematisk ein sjølverklært ”felles fiende” til dette tok meir og
meir drastiske former. Kor lang tid vil det gå før vi som
nynorskbrukarar må gå med ei stjerne eller eit stilisert
vaffelhjarte på brystet? Ville dette vere eit tenkjeleg scenario i
Noreg i dag?
Du som
lesar vil sjølvsagt utbryte at eg går for langt. Men på 1950-talet
var mange psykologar interesserte i å finne ut korleis Hitler kunne
komme til makta, og dei fann ut at mykje handla om konformitet, om å
ikkje ville skilje seg ut. Dei fleste vil heller høyre til ei større
gruppe enn å kjempe for sine eigne meiningar. Psykologen Stanley
Milgram viste den gongen at nordmenn var dei mest konforme i verda.
Er det ein slik skole Ørbæk kjempar for?
Mitt
debattinnspel vil igjen vere: det er heilt greitt å vere for eller
imot noko, men meiningane skal dannast på grunnlag av utdanning og
kunnskap og ikkje synsing. |