Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Sidemålsstilen som valkampsak". Hamar Arbeiderblad, 11.05.2011, s. 27. [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til: Bjørn Kristen Ørbæk: Sidemålsstilen, HA, 06.05.2011, s. 27 [pdf av innlegget].
Sidemålsstilen som valkampsak
 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Det er interessant korleis ein mann på over sytti prøver å profilere fjerning av sidemålsstilen som den mest sentrale valkampsaka som skal få folk til å gå mann av huse for å stemme på det første og beste partiet som er villig til å flagge dette som si hovudsak (Ørbæk HA 6.5.). Sidan denne berømte og berykta sidemålsstilen berre spelar ei lita rolle i ein utdanningssituasjon i ein svært kort periode av livet, skulle ein tru at ein då i det minste ville rette sin appell til ungdomspolitikarane og dei yngste veljarane.

Når så ein mann i såpass godt vaksen alder ventar på at eit politisk parti vil sørgje for den store frigjeringa frå sidemålsstilen, kan ein nok seie eller tenkje mykje. Men ein kan i alle fall ikkje påstå at han berre arbeider for at han sjølv skal få det betre.

Det er bra at nokon engasjerer seg for at dei unge skal ha det bra. Samtidig er det litt rart at pensjonistar og sjuke har sitt å slite med her heime, og at det er mange krigar og katastrofar der ute i verda, mens nokon politisk engasjerte altså ikkje ventar på noko anna enn at sidemålsstilen skal forsvinne.