Om vokalar og konsonantar
JENS
HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
Per Johansen skreiv i HA 29.
april at trønderane kunne uttrykkje seg berre ved
hjelp av konsonantar, og eit døme var då den kjende
regla: ”æ e i a æ å”. No finst det språk som er
mykje meir baserte på konsonantar enn norsk, men det
Johansen meinte her, var vokalar og ikkje
konsonantar.
Eg har
hatt studentar som etter eit heilt semester med grammatikk, og
dermed også norsk lydlære (fonologi), ikkje har klart å halde dei to
termane vokalar og konsonantar ifrå kvarandre. Dermed er det kanskje
ikkje så rart at det er ein og annan ”der ute” som også blandar
desse orda; dei er trass alt fremmendord frå latin.
Ei lita
hugsehjelp kan vere eit relativt ofte brukt ord som ”vokal” for song
eller songstemme og ”vokalist” for songar eller songarinne. Dersom
ein tenkjer på operasong, vil ein truleg helst tenkje på laaange
tonar, og desse tonane må nødvendigvis syngjast på vokalar, dvs. a,
e, i, o, u, y, æ, ø, å. Desse lydane kallar vi på norsk også for
”sjølvlydar”, nettopp fordi dei kan stå åleine og klinge utan nokon
annan lyd å støtte seg på. Vokal tyder då også konkret ”klangfull”.
Konsonantar er då dei lydane som ikkje klingar så godt åleine. Når
vi skal uttale bokstavar som b, c, d, f osv., vel vi som regel å
bruke ein vokal som hjelpelyd for at dei skal kunne klinge. Vi seier
altså be, ce, de, ef. På norsk kallar vi konsonantane også for
”medlydar”. Det latinske ordet ”konsonant” tyder ”å klinge saman” (con
+ sonare). Konsonantane er altså dei lydane som ein uttalar saman
med ein annan lyd, nemleg ein vokal. Forstavinga kon- har vi i mange
lånord i norsk, t.d. konsekvens, konspirasjon, konfirmasjon, og
tydinga til dette vesle ordet er altså ”saman”.
Når det
er sagt, så er mange forkortingar, t.d. i sms-språk, baserte på bruk
av konsonantar. Det er nettopp fordi ein meir eller mindre
automatisk vil lese konsonantane saman med dei tilhøyrande vokalane.
Med litt øving kn n drfr ltt ls n tkst utn vklr. |