Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Utvekslingsstudentar og nynorsk". Hamar Arbeiderblad, 28.04.2011, s. 25. [>pdf av denne artikkelen]
Utvekslingsstudentar og nynorsk
 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Høgskolen i Hedmark har ein god del utvekslingsstudentar frå andre land, og nokre av desse vel faktisk å studere norsk på same nivå som dei norske studentane. Som regel har dei då minst eitt år med norsk frå heimlandet før dei kjem til oss. Det er imponerande kor mykje norsk studentane klarer å lære på relativt kort tid. Men så er dei som regel også svært godt motiverte. Læring har mykje å gjere med haldningar til stoffet og viljen til å gjere ein innsats.

Då eg no nettopp var i kontakt med nokre av studentane som har tenkt å komme til Hamar til hausten for å studere norsk, tenkte eg eg skulle førebu dei på at mange av førelesingsnotata ville vere på nynorsk, for å høyre om dette eventuelt ville bli eit problem for dei. Den eine studenten svarte då at ho var overraska fordi ho aldri hadde vore borti nynorsk før, men at ho forstod det eg hadde skrive. Så skreiv ho: ”Det er noen forskjeller, men ellers er det ikke så vanskelig å forstå. Jeg trenger bare å øve litt.” Så enkelt kan det vere. Dette er ein student som har studert norsk i under eitt år. Det er ikkje rart at utlendingane ikkje skjønner at nordmenn med norsk som morsmål skulle sjå på nynorsk som eit problem.