Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Språk og blanda kort". Hamar Arbeiderblad, 09.04.2011, s. 19. [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til: Bjørk Kristen Ørbæk: SV og Noregs Mållag, HA, 04.04.2011, s. 30 [pdf av innlegget].
Språk og blanda kort
 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Beklagar, Bjørn Kristen Ørbæk, men du blanda igjen korta då du skreiv om SV og Noregs mållag i Hamar Arbeiderblad 4. april og Hamar Dagblad 7. april. Sidan du sjølv driv aktivt med å prøve å påverke politikarar og folk flest, trur du nok at slikt arbeid er ein stor maktfaktor, og du påstår igjen at det er Noregs mållag som har eit eller anna tak på politikarane, i dette tilfellet i SV. Det ville vere det same som å påstå at Norsk språkforening, som på mange måtar er ”din” organisasjon, har eit tak på Høgre og FrP. Eg veit ikkje om du ville vere einig i ein slik påstand. Men ut ifrå mitt perspektiv er det no eit godt stykke å gå ifrå at mållaget roser SV for eit vedtak om å sikre læremiddel på bokmål og nynorsk til same tid og same pris, og derifrå å påstå at det er mållaget som har tvinga SV til å tenkje demokratisk. Eller meiner du faktisk at nynorske læremiddel burde vere dyrare og vanskelegare tilgjengelege enn dei same læremidla på bokmål? Eg har lurt på di oppfatning av demokrati og likestilling før, men i så fall ville eg verkeleg vere uroa.

Hovudpoenget ditt, slik eg tolkar utspelet ditt denne gongen, er nok likevel at du og ”det store flertallet av det norske folk”, som du stadig meiner du skal gøyme dine meiningar bak, ikkje trur at opplæring i bokmål i nynorskområde gjev dårlegare integrering, slik altså leiaren i Noregs mållag hevdar. Du og dei uspesifiserte andre meiner tydelegvis at ein innvandrar ikkje skal kunne lære nynorsk i det heile.

Eg vil igjen poengtere at slike pedagogiske spørsmål kanskje ikkje burde vere opp til kva folk på gata ”meiner”. Du skriv jo sjølv med jamne mellomrom at nynorsk er eit ”vestnorsk særspråk”. Men dersom altså nokre av desse ”særkommunane” på Vestlandet skulle finne på å ta imot flyktningar, så meiner du dei skal lære ”sidemålet”, dvs. bokmål, i staden for det ”særspråket” som då faktisk blir brukt både i all offentleg kommunikasjon i desse områda, og det skriftspråket som stemmer best med talemålet til folk rundt dei? Du har jo prøvd å ekskludere nynorskområda frå noregskartet før, men her lurer eg verkeleg på kven som har mista ”realistisk sans”, som du skriv. Eit faktum – uavhengig av kva du og det norske folk meiner – er at mange innvandrarar på Vestlandet faktisk reagerer på at dei lærer bokmål på norskkursa, mens all kommunikasjon utanfor skolen er på nynorsk og vestnorsk talemål. Du prøver jo ofte å framstå som om du taler innvandrarane si sak, men du som spør skoleelevar om hovudmål og sidemål, kunne jo kanskje ta deg ein tur til Vestlandet og spørje kva innvandrarane sjølve ønskjer, før du prøver å lage ein politikk for dei. Men uansett har ikkje SV gjort noko anna enn gå inn for at læremiddel skal vere tilgjengelege samtidig og koste like mykje uavhengig av målform. Dette er vanleg demokratisk tenking, og strengt teke burde det vel ikkje vere behov for nokon politiske vedtak for å sikre vanleg likestilling heller.