Språk og toleranse
JENS
HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
Eg vil takke Per Johansen for at han las innlegget
mitt om språkhistorie ”med stor interesse”, sjølv om
det var skrive på nynorsk. Det viser i alle fall at
ein gjerne er villig til å gjere ein ekstra innsats
– til og med lese ein tekst på nynorsk – når ein er
interessert i noko.
Johansen trekkjer igjen fram nokre av våre ”største diktarar” i
nyare tid, André Bjerke og Arnulf Øverland. Det er nok fleire som
blir rekna blant våre ”største diktarar”. Det òg er faktisk litt
avhengig av interesse. Nokon vil t.d. rekne Olav H. Hauge blant
desse, og han var altså nynorskdiktar. Det å vere ein stor diktar,
er forhåpentlegvis ikkje avhengig av kva for ei målform – eller kva
for eit språk – ein eventuelt bruker. Det er jo mange store,
internasjonale diktarar som blir lesne fordi dei er så pass ”store”
at tekstane deira også fungerer omsette til eit anna språk.
Preferansar for kunst og også preferansar for målformene bokmål og
nynorsk er vanskeleg å diskutere. Nokon likar mora, nokon likar
dottera. Det som er litt synd i slike språkdebattar som Johansen,
Ørbæk og andre engasjerer seg i, er at éin diktar eller éi målform
blir opphøgd og får nærmast ikonstatus ut ifrå eigne preferansar. I
same andedrag snakkar dei same folka gjerne om valfridom og
demokrati.
Det må vere lov å like André Bjerke og Arnulf Øverland og bokmål. På
same måte bør det vere lov å like Olav H. Hauge, Halldis Moren
Vesaas eller t.d. Åsmund Sveen og nynorsk. Korfor må det vere anten
– eller?
Per Johansen meiner at nynorsk ”nå er i ferd med å dominere også i
NRK”. Det måtte no vere ein ønskedraum. NRK er ein statskanal og er
forplikta til å bruke minst 25 % nynorsk. Som regel oppfyller ikkje
NRK (heller ingen andre statsorgan i bokmålsområde) dette kravet.
Elles har NRK berre nokre få kanalar innanfor det store tilbodet av
TV-kanalar vi faktisk har. Nynorskdelen på TV er altså forsvinnande
liten. Dette burde vere noko å tenkje på for alle som meiner at
deira preferansar er viktigast. Som bokmålsbrukar blir ein ”plaga”
med maksimalt 25 % nynorsk på NRK, og elles minimalt i det
offentlege rom på Austlandet. Dersom ein som nynorskbrukar skulle ha
den same aversjonen mot bokmål, måtte det jo vere som å leve i eit
språkleg helvete. Er ikkje dette noko å tenkje på? Det er som om
foreldra måtte ete pølse kvar einaste dag fordi ungane likar det.
Ungane er jo gjerne fleire og burde bestemme.
I staden for å vilje presse sine eigne preferansar på alle andre,
kunne ein kanskje prøve å vise litt meir toleranse for at vi er
mange med ulike preferansar som lever i dette landet. Og det kan
hende at andre menneske har den same retten til å ha det bra og få
nokre av sine ønske oppfylte. Det er ingen som treng å vere
fanatisk. I eit demokratisk samfunn bør det vere rom til mange ulike
menneske. Bokmål og nynorsk er likestilte målformer ved lov, og også
samisk er eitt (eller fleire) offisielle språk i Noreg. I tillegg er
det mange andre etniske minoritetar som gjerne vil lese og høyre
noko på sine språk innimellom.
Det er ikkje noko problem å følgje med på Derrick, sjølv om ein
eventuelt helst les tekstar på bokmål. Er ein interessert nok, vil
ein prøve å forstå uansett. Og dét bør vere grunnlaget for all
kommunikasjon. Ein bør vere open og tolerant overfor andre sine
uttrykksformer; då blir det mindre fanatisme i verda. |