Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”I fohold til i forhold til". Hamar Arbeiderblad, 11.03.2011, s. 32. [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til: Christian E. Bergheim: God dag!, HA, 07.02.2011, s. 5 [pdf av innlegget].
I forhold til i forhold til
 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Christian E. Bergheim gjekk 7.3. forholdsvis hardt ut mot den språklege ”pesten” som han kalla ”i-forhold-til-syken”. Forholda i forhold til ”i forhold til” gjekk rett og slett på helsa laus.

Eg er for så vidt einig med Bergheim i forhold til den generelle beskrivinga av situasjonen, nemleg den forholdsvis uforholdsmessige bruken av ”i forhold til” i forholdsvis mange samanhengar der ein heller kunne ha brukt eit anna uttrykk. Men eg er ikkje nødvendigvis einig i Bergheim sin påstand om at ”i forhold til” betyr ”samanlikna med” og først og fremst det (i 90 prosent av tilfella ifølgje Bergheim).

Ordet ”forhold” er lånt frå tysk (Verhältnis). Nynorskordboka listar opp ei rekkje tilsvarande uttrykk, t.d. tilstand, stode, tilhøve, vilkår; høve; omstende; samband; proporsjon. Og for så vidt står det også at ”i forhold til” svarer til ”jamført med”. Men når ein ser på alle andre moglege erstatningsord for ”forhold”, ser ein jo tydeleg at samanlikningsdimensjonen ikkje er den einaste. I tysk ville ein ha brukt uttrykket ”im Vergleich zu/mit” i staden for ”im Verhältnis zu” dersom samanlikninga hadde stått i fokus. Hovudtydinga til ”forhold” er nok helst først og fremst ”samband” eller ”relasjon” i uttrykket ”i forhold til”, og dette sambandet kan vere sterkare eller mindre sterkt i ulike samanhengar.

Bergheim listar opp ei rekkje døme på forholdsvis dårleg språkbruk. Men i fleire av døma meiner eg at ”i forhold til” faktisk er betre enn både ”samanlikna med” og ”med tanke på”, som Bergheim føreslår som erstatningsuttrykk. ”Smørerne har lyktes i forhold til føret” uttrykkjer nettopp at det er ein direkte samanheng mellom føreforholda og val av smurning. Ein kunne kanskje seie ”med tanke på føret”. Men ein kan jo tenkje på noko utan at det ligg nokon nødvendige konsekvensar i dette. Samanlikningsdimensjonen er også svært svak. Eitt føre samanlikna med eit anna? Ein type smurning samanlikna med ein annan? Smørarane samanlikna med føret?

No får jo journalistar gjerne litt på pukkelen for dårleg språkbruk (jf. HA 5.3., s. 42). Men her meiner eg at journalisten er litt for streng og kategorisk med å definere bruken av éin bestemt språkleg konstruksjon. Prinsipielt skader det jo ikkje å prøve å finne andre uttrykksmåtar når ein er i tvil, men det viktigaste er nok at ein generelt har eit bevisst forhold til språk.