Språkhistorie
JENS
HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
Per Johansen synest det er
”forstemmende” med to likeverdige skriftspråk. Det
synest kanskje HA òg sidan ein valde å trykkje
Johansen sitt innlegg to gonger på same sida
(26.2.). No er det ikkje noka hemmelegheit at eg
prøver å forsvare dei to skriftspråka vi har, og det
først og fremst på grunnlag av historiske og
kulturelle grunnar og av omsyn til nettopp
likestilling og språkleg toleranse.
Det
interessante med innlegga til Johansen og Ørbæk er at dei ser ut til
å mangle grunnleggjande kunnskap om norsk språkhistorie. Når
Johansen meiner nynorsk berre er ein dialekt, kan det sjå ut som om
han faktisk ikkje veit noko om utgangspunktet for nynorsk og bokmål
i det heile. Ivar Aasen reiste rundt i Noreg og studerte dei fleste
dialektane og prøvde å finne ut kva som var felles, og på kva måte
ein kunne lage eit norsk skriftspråk som var basert på dei norske
talemåla. Nynorsk er altså ikkje éin dialekt, men eit tverrsnitt av
dei fleste dialektane i Noreg. Det som kanskje var ”uheldig” – sett
med etterpåklokskapens auge – var at Aasen valde å sjå bort frå
bydialektane og mange dialektar på Austlandet fordi dei var for
”utvatna” av dansk (såkalla danna daglegtale). Poenget i byrjinga av
1800-talet var jo nettopp at ein ville kvitte seg med dansken.
Men det
var sjølvsagt òg dei som ville halde på dansk som skriftspråk i
Noreg. Mens andre prøvde å ”mekke” på dansken for å få den til å sjå
litt meir norsk ut etter kvart. Det var slik ein utvikla riksmål og
bokmål. Arnulf Øverland, som Per Johansen trekte fram i sitt
innlegg, var ein av dei som ikkje lika at ein fjerna seg for mykje
frå det danskprega skriftspråket, og han spurde rett ut ”er vort
sprog avskaffet?”. Men det riksmålsfolka ofte gløymer i slike
samanhengar, er at Øverland faktisk òg skreiv ”våre to, hver på sin
vis ypperlige skriftsprog”, og han refererte då til riksmål og
landsmål (før 1938). Øverland var altså ikkje imot landsmål/nynorsk,
men han var imot ei vidare fornorsking av riksmålet, dvs. med fleire
talemålsinnslag. Men både bokmål og nynorsk har gjennomgått mange
rettskrivingsreformer nettopp for å bli meir talemålsnære.
Alle dei
som argumenterer for at vi skal kunne bruke våre eigne dialektar i
det offentlege rom, bør tenkje over om vi nokon gong hadde fått ein
finansminister som kunne bruke sin dialekt på Stortinget dersom det
hadde vore slike som Øverland – eller Johansen og Ørbæk – som hadde
bestemt språkpolitikken. Snakk dialekt, skriv norsk. |